NRK Meny

Gode tider før Mørenot

Veksten i Mørenot Aquaculture har gjort at selskapet har tilsett fem nye medarbeidarar. Det er personar som skal ha ansvar for mellom anna tekniske utformingar, innkjøp og sal. Utviklinga gjer at Mørenot har tilsett personar med Midt- og Nord-Norge som fokus, og også ein person med tanke på Chile, der det har vore ein sterk vekst i omsetninga, opplyser administrerande direktør Bente Lund Jacobsen.

Bente Lund Jacobsen
Foto: Trond Vestre / NRK