Hopp til innhold

Jaktutvalet bomma på datoen

Då Ørsta Jeger og Fiskarforeining sette ein dato for jaktfeltstemnet var det ingen som tenkte på at 24. mai i år er på 1.pinsedag. Den dagen er det ikkje lov å skyte.

Ørsta Jeger og Fiskarforeining

Ørsta Jeger og Fiskarforeining håpte på at mange ville møte opp på jaktfeltstemnet, men tenkte ikkje på at det er 1. pinsedag og at dei ikkje har lov til å skyte, ifylgje reglane til Det frivillege skyttarvesen.

Foto: Ørsta Jeger og Fiskarforeining

– Det var ein skikkeleg bommert og ingen reagerte, fortel Roger Bjørdal, som er leiar i jaktutvalet i Ørsta Jeger og Fiskarforeining.

Då foreininga sette opp stemnet sitt verka 24. mai som ein passande dato. Det ingen tenkte på var at det er midt i pinsa og då er det ikkje lov til å skyte.

Skytereglar

Ifølgje §8.116 i Skyttarboka skal skyting ikkje finne stad 1. juledag, langfredag, 1. påskedag og 1. pinsedag.

Like før annonsa om arrangementet vart sendt til lokalavisa før helga oppdaga den tidlegare formannen i Ørsta Hovdebygda skyttarlag at arrangementet til Ørsta Jeger og Fiskarforeining var lagt til ein uheldig dag og varsla om bommerten.

– Det er rart det ikkje vart oppdaga før, for terminlista har vore oppe lenge, ler Bjørdal.

Lovar å huske det neste år

Reglar er reglar og to dagar før det planlagde stemnet måtte difor Ørsta Jeger og Fiskarforeining kontakte dei næraste foreiningane om at stemnet vart avlyst.

På Facebook-sida si skriv dei at avlysinga er beklageleg, men at reglar må følgjast. Og for å unngå nye bom lovar dei å ta lærdom av det som har skjedd til seinare oppsetjing av stemne.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL