Hopp til innhold

Gjorde skadeverk på intensivavdeling

Ein mann i 20-åra frå Viken er dømt til fengsel i sju månader for fyllekøyring og skadeverk.

Det var i vår at politiet kom over ein bil med store skader i Volda sentrum. I førarsetet sat den no dømde mannen. Han skal då ha køyrd frå Ulsteinvik. Ifølge dommen frå Møre og Romsdal tingrett skal mannen ha vore svært full. Mannen blei tatt med til sjukehuset i Volda for undersøkingar. Der viste ei blodprøve ei alkoholpromille på 2,37.

Då mannen vakna på intensivavdelinga på morgonen blei han utagerande. Ifølge dommen gjorde han blant anna skadeverk på veggflater, inventar, dører og diverse datautstyr. Samla blei det gjort skadeverk for ein verdi av 152.000 kroner. Mannen var også truande mot dei tilsette på avdelinga og måtte bli tatt hand om av politiet.

I tillegg til fengselsstraffa får mannen køyreforbod i Noreg i to år og seks månader. Han må også betale erstatning til Helse Møre og Romsdal for skadane han gjorde.