Hopp til innhold

Gjekk av som brukarrepresentant

Ingrid Løset, Stordal, deltok i dag på sitt siste styremøte i Helse Møre og Romsdal som leiar i Brukarutvalet. Løset har vore medlem i Brukarutvalet så lenge som Helse Møre og Romsdal har eksistert, og også ein periode i Helse Sunnmøre.

Til saman har Løset vore brukarrepresentant i åtte år, dei siste åra har ho vore leiar i Brukarutvalet.

– Du er ikkje den som snakkar høgast, men du er alltid verd å lytte til, sa styreleiar Ingve Theodorsen då ho blei takka av.

Løset understreka at ho har vore brukarrepresentant i ei krevjande tid. Ho held no fram som brukarrepresentant i utviklinga av Helseplattforma. Der har ho alt stilt krav om meir informasjon på norsk frå det amerikanske selskapet Epic.

– Ein så stor aktør som Epic må klare å gje informasjonen på norsk språk, sa Løset under dagens styremøte.

Ingrid Løset
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL