Gjedrem best i motbakken

Det vart skiskyttarsiger i Nibbeløpet 21 i Geiranger søndag.

 

Nibbeløpet 21

Hans Martin Gjedrem (134) vann Nibbeløpet 21 i Geiranger, med André Hammerø Løseth (143) på andreplass.

Det vart skiskyttarsiger i Nibbeløpet 21 i Geiranger søndag.

Hans Martin Gjedrem vann halvmaratonløpet i motbakken. Skiskyttaren frå Valldal kom i mål på Dalsnibba eitt minutt føre moldensaren André Hammerø Løseth som spring for Kristiansand IF. Line Lystad frå Vågå vann kvinneklassen.

Den 21 km løypa er blant landets lengste og tøffaste når det gjeld motbakkeløp.

Skodde og regn

Geiranger frå fjord til fjell samlar om lag 800 deltakarar, i løping, sykling og marsj.

Det er mykje skodde og litt regn. Dette førte til at nokre av løpa vart flytta ned, med start frå sentrum og mål på Flydalsjuvet.

Det er Geiranger IL som i samarbeid med Eidsdal IL arrangerer Geiranger frå fjord til fjell. Det handlar om å sykle, spring eller gå til topps på Dalsnibba, 1500 meter over havet.