Dårleg økonomi
Økonomitilstanden i kommunane er så dårleg at Staten har tatt over styringa av kvar fjerde norske kommune. I Møre og Romsdal er det 15 kommunar som har så stort underskot at dei er sett under statleg administrasjon. Giske kommune er ei av dei. Lenge såg det ut som kraftig kutt i tenestetilbodet måtte til for å få økonomien på rett kjøl.
Ga seg ikkje
Striden har stått kring spørsmålet om Giske kommune kunne få bruke pengar frå salet av energiaksjar før 2001 for å dekke gamle underskot. Nei, sa Møre og Romsdal Fylke, og dermed fekk Støbakk budsjettet og økonomiplanen tilbake i posten med klar beskjed om å gjere eit nytt vedtak. Kraftformuen fekk dei ifølgje Kommunaldepartementet ikkje lov å røre. Men det var eit svar Støbakk ikkje aksepterte. Han bretta opp ermene, og bestemte seg for å slåst. Denne veka endra departementet reglane. – Ein siger for lokaldemokratiet, seier Knut Støbakk.
Ernst Kristiansen.
Hjelper andre kommunar
Giske sin siger i kampen for å få bruke fondsmidlar til å rette opp underskot, kan få mange kommunar ut av gjeldskrisa. Det meiner leiar i Rådmannsutvalet i Møre og Romsdal Ernst Kristiansen. No kan også kommunar som selde kraftaksjane sine før 2001 få bruke pengane dei tente på dette til drift.