Hopp til innhold

Gir pengar til Fair Play Møre og Romsdal

Fellesforbundet avdeling 65 gir 300.000 kroner i oppstartsmiddel til Fair Play i Møre og Romsdal. Dei ønskjer samtidig å sende eit sterkt og tydeleg signal om at dette er noko vi treng i fylket. Slike patruljar er allereie etablert andre stadar i landet.

– Arbeidstakar- og arbeidsgivarsida ønskjer saman med det offentlege å opprette Fair Play Møre og Romsdal for å jobbe for eit ryddigare og meir seriøst arbeidsliv, i tillegg til å førebygge arbeidskriminalitet, skriv det lokale Fellesforbundet i ei pressemelding.

Målet deira er å tilsette ein person på heiltid til å jobbe med dette i heile fylket og innan fleire bransjar.