Dei tilsette for meir tid
Saka skulle behandlast i styremøtet i dag, men etter at dei tilsette har bede om meir tid, er saka utsett til 12.august.
Dei tillitvalde ønskjer meir tid og ekstern bistand til å gjennomgå tala i rapporten.
Styret i Gilde ba i mars i år administrasjonen om sette i gang ein prosess med sikte på å ta ut kapasitet for å betre bedrifta si økonomi.
Vil leggje ned i Molde
Administrasjonen foreslo å avvikle all aktivitet ved anlegget i Molde, og dette forslaget blei offentleggjort den 12.juni.
Bakgrunnen for innstillinga frå administrasjonen er den svake økonomiske utviklinga i GBS og morselskapet Norsk Kjøttsamvirke. Prispress og dårleg økonomi hos kjøttprodusentane gir sterkare krav til kostnadseffektiv drift og betre utnytting av kapasiteten.
Dei tilsette har no fått ein frist fram til 4. august og styret i Gilde skal behandle saka på nytt 12.august, medan styret i Norsk Kjøtt skal behandle saka 13.august.