–Ingen friluftsaktivitet
Øyvind Berg er formann i Bergemsvatnet hytteeigarlag, og han er grundig lei forureininga. Problemet har pågått i 10-15 år og skuldast utslepp frå revefarmar i området, seier Berg som har hytte i området.
–Vi kan ikkje vere nær vatnet fordi det er som ei grøn spinatsuppe. Området er ynda for bading, fiske og rekreasjon, men dette er aktivitetar som no er lagt heilt død, seier Berg.
Slik ser blågrønalgar ut. (Illustrasjon)
–Tom for idear
Rådgjevar i Tingvoll kommune, Odd Arild Bugge, seier kommunen ikkje har gitt opp Bergemsvatnet.
–Nei, men vi har ikkje fleire gode idear til kva vi skal gjere for å få løyst det problemet som vi no ser kjem att år etter år.
Kolbjørn Megård
–Vil samarbeide
Miljøvernavdelinga i fylket tok i dag kontakt med Tingvoll kommune for å diskutere forureininga av Bergemsvatnet. Seksjonsleiar Kolbjørn Megård meiner dei må finne ei løysing saman.
–Så lenge det er oppblomstring av blågrønalgar er vasskvaliteten ikkje god nok, sjølv om auren aldri har vore så fin som no, seier Megård.
Det er ei nasjonal oppgåve å føre vassdraga tilbake til naturleg tilstand.
–Vi kan ikkje gje opp Bergemsvatnet, seier Megård.