Hopp til innhold

– Bompengar for turistar kan løyse Geiranger-krisa

Fleire store skred har råka turistbygda Geiranger i vinter. Alle er einige om at noko må gjerast, men ikkje om kva. Eitt av forslaga er å la turistane punge ut for ein tunnel.

Skred i Geiranger

VANSKELEG VINTER: Det har vore ein hard vinter i den vesle sunnmørsbygda Geiranger. Blant anna har det gått store ras ved Grande. Dette raset sist veke var fem sekund frå å ta ein buss. Og det er her mange meiner det bør byggast ein rassikringstunnel.

Foto: Mari Lattik

– Dei som brukar bygda om sommaren må vere med på å betale dette gildet. Ei avgift for å kome seg til og frå Geiranger vil derfor vere fornuftig. Det er like viktig for turistane som for dei fastbuande at trafikken er trygg, seier fylkespolitikar Bjarne Kvalsvik (Uavhengig valliste for Sunnmøre).

Bjarne Kvalsvik

Fylkespolitikar Bjarne Kvalsvik.

Foto: Arne Flatin / NRK

Geiranger tek imot hundretusenvis av turistar kvart år, men denne vinteren har vore svært hard for sunnmørsbygda.

Turistperla har vore isolert fleire gonger og i periodar mangla både straum, internett, mobilnett og til og med naudnett.

Enkelte har også frykta at Geiranger mistar sin eksklusive plass på UNESCO si verdsarvliste.

To store ras

Men endå meir skremmande er rasa som har gått, spesielt dei ved Grande. To gonger i januar gjekk det nesten fullstendig gale då Grandefonna gjekk.

Sander Mossberg Hjelle opplevde snøskredet 17. januar på nært hald.

Problemet er at det per no ikkje er sett av pengar til å gjere tiltak, som å bygge ein rassikringstunnel i det svært rasutsette området.

– Skal vi få til det må vi eventuelt utsetje andre prosjekt. Då er det mykje betre å regulere trafikken ved å krevje inn avgift frå dei som kjem for å oppleve bygda, meiner Bjarne Kvalsvik, og legg til at dei fastbuande bør sleppe å betale denne avgifta.

– Ei avsporing

Nordkapp

Å ta pengar for å oppleve turistattraksjonar i Norge er ikkje noko nytt, men er svært omstridd, som på Nordkapp i Finnmark (biletet).

Foto: Allan Klo / NRK

Forslaget til Kvalsvik, som han først kom med under eit møte i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal i dag, møter blanda tilbakemeldingar.

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) meiner det kan vere på sin plass at ein krev inn skatt for utgiftene det norske storsamfunnet har på infrastruktur på eit meir generelt grunnlag.

– Men i denne debatten er det ei avsporing. Først må det gjerast ein analyse og så må jo Stortinget behandle saka, seier Tryggestad.

Steinar Maråk og bussen han køyrde var berre sekund frå å bli tatt av eit snøskred i Geiranger i dag.

Steinar Maråk og bussen han køyrde var berre få sekund frå å bli teken av eit snøskred i Geiranger 30. januar. Her ser du dramatikken filma frå avstand. Det er Hans Martin Homlong og Mari Lattik som filmar og snakkar.

– Staten sitt ansvar

Frank Sve – som både er Framstegspartiet sin gruppeleiar på fylkestinget, medlem i samferdselsutvalet og lokalpolitikar i Stranda – kallar på si side forslaget til Bjarne Kvalsvik ein «elendig idé».

Frank Sve

Fylkes- og lokalpolitikar Frank Sve.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi betalar nok i bil- og vegavgifter om vi ikkje skal loppe turistane for pengar til rassikring. Å sikre liv og helse er staten sitt ansvar, meiner Sve.

Frp-politikaren viser til at turistane legg igjen svært mange millionar kroner i reiselivet i Geiranger og Møre og Romsdal kvart år. Å finansiere ein rassikringstunnel ved Grande må skje på andre måtar.

– Vi må både be om ekstra rassikringsmidlar og sjå på korleis vi brukar dei midlane vi har i dag. Dette må storsamfunnet evne å løyse. Alle har sett kor alvorleg situasjonen har vore i Geiranger i år, seier Sve.

Turistar på Ørnestigen i Geiranger

Ifølgje Destinasjon Geirangerfjord besøker mellom 800.000 og éin million personar Geiranger i høgsesongen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK