Hopp til innhold

Fekk ammoniakk i andletet i arbeidsulukke

Ein mann i 30-åra fekk ammoniakk i andletet under arbeid med ein gasstank på Moltustranda i Herøy fredag ettermiddag. Det opplyser politiet.

Sun Sea

Arbeidsulukka skal ha skjedd ved bedrifta Sunsea Seafood As på Moltustranda.

Foto: Arne Flatin / NRK

Arbeidsulykke Moltustranda

Politiet opplyser at brannvesenet har kontroll på ammoniakkutsleppet.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Mannen blei sendt med ambulanse sjukehuset i Volda, men skadane er tilsynelatande ikkje alvorlege.

I følgje politiet skjedde ulukka då mannen arbeidde med å opne gamle oljefat. Frå eitt av fata kom det mindre mengder ammoniakkgass.

Innsatsleiar Mads Pedersen kunne fredag ettermiddag ikkje seie mykje om detaljane.

– Det har vore ei arbeidsulukke, og vi har no gjort oss ferdige med undersøkingane i bygget. Så ønskjer vi etter kvart å snakke med personen som blei skadd, seier han til NRK.

Vil vere føre var

Operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt seier dei er føre var når slike meldingar kjem.

– Det er viktig å ta slike meldingar på alvor, seier Harang og viser til ei lik hending i Ålesund i sist veke.

Fleire andre personar skal ha klaga på svie i auga og sår hals, som er symptom ein kan få etter å ha vore i kontakt med ammoniakk.

Bedrifta har i løpet av ettermiddagen sjølve reinsa staden. Saka blir ettforska av politiet og Arbeidstilsynet er varsla om hendinga.

Ammoniakklekkasje