Av Ove Lervik og Odd Sørås
Gasskraftverket skal byggjast like ved Ormen Lange-anlegget på Nyhamna, og skal stå ferdig til 15. februar neste år. Det får ein produksjonskapasitet på 150 megawatt.
Kostnader
Dei mobile gasskraftverka på Aukra og Tjeldbergodden kostar til saman ca. 1,5 milliardar kroner - 1 milliard i innkjøp og 500 millionar i anleggskostnader. Dei skal setjast i drift dersom det blir alvorleg mangel på kraft i regionen. Når kraftsituasjonen i Midt-Noreg igjen blir normalisert, kan dette reservekraftverket vere med på å avhjelpe vanskelege situasjonar i den norske kraftforsyninga generelt, heiter det i ei pressemelding frå Statnett.
Statnett reknar med å prøvekøyre gasskraftverket før jul. Anleggsarbeidet tek til ein av dei første dagane, seier ansvarleg for samfunnskontakt i Statnett, Knut Lockert.
Store utslepp
Statnett legg til grunn at anlegget skal vere i bruk i maksimalt 5 månader årleg. Dette medfører utslepp på maksimum 307 tonn NOx og 367 000 tonn XCO2 i året.
NVE har vurdert biobrensel som alternativ til naturgass, men fordi det er vanskeleg å sikre seg store og stabile leveransar av slikt drivstoff på kort varsel, har direktoratet vurdert det som urealistisk på kort sikt.
Det er venta at Statens forureiningstilsyn om kort tid sender Miljøverndepartementet tilrådingar om CO2-utsleppa.