Hopp til innhold

Skal hjelpe unge kunstnarar fram

I ei gamal smie i Ålesund opna det i dag eit galleri for unge kunstnarar. Dei slit med å få innpass i etablerte galleri.

Jenter opnar kunstnarsmie i Ålesund.

Mailen Tørlen, Anniken Hessen og Silje Engstrøm har opna galleri for å hjelpe andre uetablerte kunstnarar fram i rampelyset.

Smia i Ålesund

I den gamle smia med grue og maskiner har kunstnarane verkstad.

Foto: Frode Berg / NRK

Heimestrikka vottar, tekstil, keramikk, foto og måleri er noko av det som er utstilt i galleriet som opna i Ålesund i dag. Dei tre kvinnene som driv galleriet har også verkstad vegg i vegg der dei produserer sin kunst. Dei såg behovet for ein stad der unge, uetablerte kunstnarar og handverkarar kunne vise fram produkta sine.

– For dei utan ei høg kunstfagleg utdanning, kjem du ikkje inn i dei vanlege galleria. Vi vil vere eit tilbod for dei unge med mindre erfaring, seier Mailen Tørlen.

Ideell organisasjon

Mailen Tørlen

Mailen Tørlen drøymer om å leve av kunsten.

Foto: Frode Berg / NRK

Ho driv galleriet saman med Silje Engstrøm og Anniken Hessen. Ingen av dei lever av kunsten, men draumen er nettopp å ha kunsten som levebrød.

Smia er organisert som ein ideell organisasjon. Det betyr at gallerieigarane berre tar nokre prosent av salssummen av tinga dei sel for andre.

– Smia skal vere ein stad der unge kunstnarar og kunstinteresserte møtast og kanskje opplever anna kunst enn hos dei etablerte, seier Tørlen.

Godt vaksne

Dei vil ta imot kunst frå heile Møre og Romsdal. Spesielt er dei på utkik etter eksperimentell moderne kunst. Eit av kriteria er at kunstnaren ikkje er etablert enno.

Har de aldersgrense for kva som er ung kunst?

– Nei, vi stiller ut kunst også frå dei som er godt vaksne, berre dei oppfyller kriteriet om at dei ikkje er etablerte. Det er mange som berre har det som

Smia

Det er eit stort spekter av gjenstandar som vert stilt ut i galleriet.

Foto: Frode Berg / NRK

hobby, men som ynskjer å ta kunsten eit steg vidare, seier Tørlen.

Leve av kunsten

Sjølv kjenner ho på at det ikkje er enkelt å vere kunstnar.

– Det skal gå an å leve av kunsten, men det krevst hard jobbing. Dagane vert lange og du er kunstnar på heiltid, seier Tørlen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL