Hopp til innhold

Full rulle på fylkes-UKM i Eide

Sjå kva ungdomane under fylkesmønstringa i Eidehallen har å by på i dag.

UKM Møre og Romsdal

Sjå dagens førestillingar under ungdommens fylkesmønstring i Eidehallen

Foto: Emilie Kvalen og Katrine Pilskog

Kultur står sterkt i Møre og Romsdal. Dans, rapping og flaue sjekkefilmar er berre litt av forrådet ungommen viser frå scenekanten i Eidehallen denne helga.

Her kan du sjå dagens førestillingar live.

Møre og Romsdal er det tredje beste fylket i landet i talet på deltakarar. Av nesten 2 000 påmelde i kommunane er nærare 400 vidare og skal vise ferdigheitene

Fredrik Dahl

Rapparen Fredrik Dahl (17) framførte 'Fuck up'. Men han rota det ikkje til. – Eg har aldri gjort det betre på ei scene, sa han.

Foto: Jan Åge Sundnes

sine under fylkesmønstringa.

Heile sju sceneførestillingar må til for at alle som er vidare skal få opptre.

– "Fuck up" gjekk perfekt

Fredrik Dahl er ein 17 år gammal rappar. Han var blant dei siste på scena i førestilling nummer to. Alt klaffa for den unge mannen frå Aure då han song "Fuck up" av artisten Sirius.

– Trøkket sat som det skulle og eg traff på orda. Det er det beste eg har gjort åleine på ei scene, det gjekk i grunnen perfekt, seier han.

Fredrik vedgår at det er vanskeleg å halde orden på ordflyten når ein rappar. Men det har han øvd på. Talet på treningstimar for å vere best mogleg klar til fylkesmønstringa har han ikkje peiling på. Uansett kor førebudd ein er, er det viktig å vere nervøs, meiner han.

–Er ein ikkje nervøs, tenkjer ein at det går perfekt, og ein skal aldri tenkje slik. Det var ei rar kjensle å stå der oppe på scena, ekkelt og godt på same tid, seier 17-åringen.

Sjå video av bandet Lommerosk og songen deira "Clarify" her:

Konsertopptak fra fylkesmønstringen UKM Møre og Romsdal

Bandet "Lommerosk" frå Volda tok av med songen "Clarify".

Stort kulturfylke

20 klasserom må til for å gi sengeplass til alle som deltek. Det er musikkrådet i Møre og Romsdal som står som hovudarrangør. Dei legg opp til at alle ungdomane får overnatte, sjølv deltakarane som kjem frå arrangørstaden.

Eide kommune tok på seg å arrangere kulturmønstringa etter at Molde kommune sa frå seg ansvaret før jul. Utfordringa med å losjere rundt 400 ungdomar tok kommunen på strak arm, fortel kultursjef og overnattingsansvarleg Jonny Lyngstad.

Hittil har arrngementet gått knirkefritt.

– Rundt 20 personar er til ei kvar tid til stades for å gå vakter, halde reint og passe på at alt går som det skal til ei kvar tid. Hittil har alt gått utruleg bra, og det kjem det til å gjere resten av helga òg, seier han.

Shadows

Dans, rapping og flaue sjekkefilmar er berre litt av forrådet ungommen viser frå scenekanten i Eidehallen

Foto: Jan Åge Sundnes

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL