NRK Meny

Fv. 62 open igjen

Begge personane som var involverte i ei trafikkulukke på fv. 62 Øksendal, på strekninga Oppdøl – Sunndalsøra er no sendt til sjukehus for nærare kontroll. Ulukka skal ha skjedd då ein av bilane kom over i feil køyrefelt. Det var to bilar involvert i ulukka, og det var ein person i kvar bil.

Det er mykje vatn på vegbana, så politiet ser ikkje bort frå at ulukka kan ha vore som følgje av vassplaning.