Hopp til innhold

Uavklart tilstand for moldemann - politiet etterforskar saka

Politiet har sett i gang etterforsking etter at ein mann blei funnen nedkjølt og medvitslaus i Molde søndag ettermiddag.

sellanrå

Søndag kveld opplyser sjukehuset i Molde at tilstanden for mannen i 50-åra framleis er uavklart. Samtidig kan politiet framleis ikkje seie noko meir om årsaka til at ein mann i 50-åra blei funnen nedkjølt og medvitslaus i Molde.

Politiet fekk melding om den medvitslause mannen klokka 12.33 ved Sellanrå skole i Molde, og operasjonsleiar Jan Helge Kjøl seier dei veit svært lite om kva som har skjedd.

Det er førebels ei gåte for oss kva som har foregått, seier Kjøl.

Mannen blei tatt hand om av helsepersonell, medan politiet har sperra av området og no etterforskar saka.

Det var Rbnett som melde om saka først. Ifølgje avisa er mannen i 50-åra, og ein av politiet sine teoriar skal vere at han har falle og slått hovudet.