Hopp til innhold

Fuglar og insekt

Det kjem mange foto til Naturtelefonen med spørsmål om kva dette kan vere. Alv Ottar Folkestad svarar i dag på nokre av desse spørsmåla.

Gullauge

Gullauge

Foto: Jan Ove Hoddevik

Insekt

- Eit insekt sette seg på frontruta mi. Tok eit bilete av det før eg starta å køyre. Insektet heldt seg fast i ruta til eg kom opp i ca. 80km/t. Det vibrerte mykje før det plutselig fauk av. Men det eg lurer på, er kva insekt dette er? spør Jan Ove Hoddevik i Tjørvåg.

Det vakre insektet på biletet over er ein gullauge. Gullaugelarvene lever av bladlus.

 

Fugleegg  

 

Fugleegg
Foto: Jan Ove Hoddevik

Hoddevik fortel vidare: - Vi sjekka ei fuglekasse som ikkje har hatt besøk på ei stund, og der fant vi eit tomt reir av mose. Tilfeldigvis oppdaga eg at under reiret låg det nokre små egg. Desse var kalde og lette, låg nedst i kassa. Oransje plomme, og eggekviten var inntørka. Korleis kan dei ha kome seg heilt under den tjukke klysa av reir? Kva type fugl? Kan dei ha lege der frå i fjor og nye fuglar laga reir over egga? 

- Ja, det er nye fuglar som har bygd reir over dei gamle egga, og dette er eit meise-egg, seier Alv Ottar Folkestad. Han kan ikkje seie heilt sikkert kva slags meis det er berre på grunnlag av dette biletet.

 

Due   

 

Turteldue

Turteldue

Foto: Astrid Ellen Sundnes

Astrid Ellen Sundnes skriv: 
- Eg har den siste veka fått besøk av ein nydeleg fugl. Slo opp i fugleboka mi, og fann at den likna mest på ei turteldue. Den kjem kvar dag, på plenen trippar den som ei "hønemor", og den går på fuglebrettet og et både smular og frø. Har teke nokre bilder av den som eg legg ved. Har aldri sett ein slik fugl før, er det vanleg på desse kantar?

Alv Ottar Folkestad stadfester at dette er ei turteldue. - Ho er ikkje vanleg på desse kantar, men det slumpar til innimellom at ei av dei kjem på besøk. Det skjer så pass sjeldan at sjølv fuglekjennarar sperrar augene opp når dei får sjå ei turteldue, seier han.

 

Gulsporv  

 

Gulsporv

Gulsporv

Foto: Marianne Mittet

Marianne Mittet frå Mittet såg ein dag i april ein vakker, gul fugl som ho ikkje heilt var kjend med. Vi drøfta spørsmålet i Naturtelefonen for ei stund sidan, og Alv Ottar Folkestad er sikker i si sak:

Dette er ein gulsporvhann, ein verkeleg flott fugl!

 

Bokfinken speglar seg  

 

Bokfink speglar seg
Foto: Øystein Folden

Øystein Folden frå Tingvoll sender oss dette biletet og skriv:

I heile dag har bokfinkhannen på biletet vore opptatt av kjøkenvindauget. Det er tale om fleire påflygingar i minuttet i seriar på 10-15 minutt om gangen. Han sit ein del på sprossa og hakkar beint i vindauget. Så bort på fuglebrettaket for å pusse litt på nebbet, og så på igjen. Heldigvis tar han nokre pausar og finn seg litt mat.

 På ettermiddagen ville vi sjå om vi fann ut kva årsaka var. Bilete av spettmeis i vindauget førte til at han setje kurs mot nabovindauget, så det var det ikkje meining i. Så sette vi opp ein liten spegel. Først virka han skremd kvar gong han kom forbi. No set han kursen dit, og sit ei stund og gjer seg riktig fin framfor spegelen.

Her er fleire bokfinkar, både hannar og hoer, men dei andre gjer visst ikkje så mykje inntrykk.Så finst det nokre underlege skruar mellom fuglane også! 

Gråsporv verda over

Surnadalingen Sivert Sæterbø, Phuket i Thailand, har sendt oss denne epistelen etter at vi i Naturtelefonen snakka om gråsporven, som er blitt borte mange stader fordi levevilkåra har endra seg.

*****

Nå har jeg bodd i lengre tid i flere land på 3 kontinenter de siste 7-8 årene, noe som har resultert at man får lyst til å tru at Gråspurv er verdens mest tallrike fugl. Har sjelden sett en så iherdig elsker: Han har ikke problemer med pluss minus 4 STORE kull i året.

Det er faktisk uvanlig å høre lyden i fra en voksen Gråspurv der jeg har ferdes.

 

Jeg vet ikke om Gråspurven har innatt Australia og Oceania, men elles dekker den nå hele klodens overflate. Men, jeg ser at det er små forskjeller på nebb og størrelse på selve fuglen fra land til land..I søramerika var Gråspurven en del større enn her i Thailand, som eks. Jeg bor på en eiendom på ca 700m2... og jeg har mer enn hundre faste gråspurver som har tilhørighet til eiendommen.. Husene i tropiske strøk er foresten snart mer tilpasset Gråspurven enn menneske...

 

Gauk hadde de oppe i Nepal også, men som med kråken der oppe var stemmen litt annerledes enn gaukens "nynorsk" på Nordvestlandet...

 

Jeg har sett mange miniduer rundt om i verden, men aldri noen mindre enn de jeg observerte i Argentina. Den minste var ikke mye større enn gråspurvene...

 

Men aller mest moro var det å observere kolibrien i Søramerika, jeg hadde 7-8 sukkervannmatere på et av de steden jeg bodde i Brasil, der hadde jeg ca 20 arter kolibrier som fightet om maten. Har skjelden sett er fugl som har kjempet så mye for at andre ikke skulle få mat som kolibrien....De vokter på hverandre hele tiden, og angriper lynraskt...Hos meg drakk de ca to liter sukkervann i uken...da kan man tenke seg antallet..

*****

 

Har du bilete av fuglar, dyr, insekt og fisk som du har spørsmål om? Send dei til Naturtelefonens nettside!  Naturtelefonen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL