Hopp til innhold

Krev at alle anlegg vert sjekka

Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet krev at over 240 oppdrettsanlegg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane vert kontrollert etter orkanen Dagmar.

Laks i mære

Miljøvernforbundet fryktar at store mengder oppdrettslaks har rømt etter uveret.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Kurt Oddekalv

Kurt Oddekalv, leiar i Norges Miljøvernforbund trur det er store mørketal på rømt oppdrettslaks.

Foto: NRK

oppdrettsanlegg

Det finst over 240 oppdrettsanlegg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. No vil Kurt Oddekalv har kontroll av alle etter uveret.

Foto: Marita Andersen / NRK

– Eg trur det er store mørketal når det gjeld rømmingar i oppdrettsanlegg. Det kan vere at dei største rømmingane vi har hatt, er etter uveret Berit og Dagmar, seier Kurt Oddekalv , leiar i Norges Miljøvernforbund.

Alle bør sjekkast

No krev han at Fiskeridirektoratet fysisk kontrollerer alle flytande anlegg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane etter uveret den siste tida. Dei to fylka har til saman over 240 oppdrettsanlegg.

Berre tre rømmingar

Men så langt er det berre meldt om tre rømmingar og havari av oppdrettsanlegg etter orkanen i romjula. Ei av hendingane er i Vartdal på Sunnmøre og dei to andre er i Sogn og Fjordane.

Seier ikkje frå

– Vi veit at oppdrettarane ikkje rapporterer alt som skjer. Og når uveret gjer at veggar vert rivne av hus, så er det klart oppdrettsanlegg også havarerer, seier Oddekalv.

Han fortel at det finst eit anonymt tipsarlag av folk som jobbar i næringa. Dei fortel om rømmingar. Det same gjer kystfiskarane.

Stikkontrollar

Fiskeridirektoratet har ansvar for å ta stikkontrollar av oppdrettsanlegg, og i dag har dei ikkje ressursar til å sjekke alle. Oppdrettarane må difor sjølv kontrollere om fisk har rømt.

-Vår oppgåve er å prioritere ut ifrå dei ressursane vi har. Vi sjekkar difor anlegg som er spesielt risikoutsett og dei med gamalt utstyr, seier Henrik Hareide i Fiskeridirektoratet.

Skal alle anlegg kontrollerast, må politikarane på banen med meir pengar, meiner Hareide.

Taper omdøme

Øyvind Andre Haram

Øyvind André Haram, informasjonssjef i FHL, er ikkje begeistra over forslaget.

Foto: NRK

Øyvind André Hareide som er informasjonssjef i Havbruksnæringas landsorganisasjon, FHL, er ikkje begeistra for Oddekalv sitt forslag. Han trur heller ikkje det finst nok ressursar til at Fiskeridirektoratet skal gjennomføre kontroll på alle anlegg.

– Ingen er tent med at fisk rømmer. Oppdrettarane taper omdøme dersom det skjer, og dei undersøker difor sjølv om slikt skjer, seier Haram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL