Hopp til innhold

Fryktar meir rømd laks etter Dagmar

Fiskeridirektoratet fryktar at orkanen i jula kan ha ført til meir rømd oppdrettsfisk enn først frykta.

Illustrasjon oppdrettsanlegg
Foto: Villa

Måndag fortalde Marine Harvest at dei hadde oppdaga to flengjer i ei not på oppdrettsanlegget sitt i Juvika i Nordfjorden. Den aktuelle nota hadde om 139.000 fiskar, men kor mange som er vekke er det førebels ikkje nokon som veit.

Tysdag tyder på at det kan ha forsvunne fisk også frå andre anlegg. Utover Nordfjorden mot Endal, og innover i Eidsfjorden og opp i Eidselva er det også rapport om oppdrettsfisk.

Oppdrettsanlegga står i kø hos dykkarfirma for å få inspisert anlegga sine etter stormen. Frykta er at drivved etter uvêret Dagmar skal ha laga hol i nøtene og at store mengder fisk kan ha kome på avvege.

Fylkesmannen si miljøvernavdeling oppmodar no fiskarar og andre interesserte som har høve til å fiske etter den rømde fisken, om å gjere det.

– Dersom ein får fanga fisken før den spreier seg kan ein hindre at den kjem tilbake og går opp i elvane og skapar problem for villfisken, seier Gunn Helen Henne i miljøvernavdelinga.

Marine Harvest har lova dusør til folk som får tak i fisken som har rømd frå deira anlegg i Juvika. Dette gjer dei i håp om at fleire vil bidra til å fange fisken, skriv selskapet på sine heimesider.

Henne i Fylkesmannen seier alle partar no er interesserte i at mest mogleg at den rømde oppdrettsfisken blir fanga for å avgrense skadane.

Folk vert også oppmoda om å melde observasjonar av rømd oppdrettsfisk til Fiskeridirektoratet sine døgnopne tips- og beredskapstelefon, på 03415.