Hopp til innhold

Fryktar sjuke festivalfolk

Raumarock gjennomfører no tiltak for å unngå svineinfluensa. Festivalen ventar å samle over 7 000 deltakarar, og fryktar at dei skal bli sjuke.

Desinfisering
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Festivalsjef Frode Nakken seier dei no ber kommunelegen om råd før festivalen startar i slutten av neste veke:

- Han har den beste oversikta over svineinfluensa, og vi vil gjerne høyre kva vi kan gjere for å avgrense smittefaren mest mogleg, seier Nakken.

Eco Band på Raumarock

Vokalisten i Eco Band blir med i år, som i fjor.

Foto: Frode Berg / NRK

Han seier dei kjem til å fokusere ekstra på god handhygiene. Han trur ikkje at dei som bur på campingplassen utset seg for fare, sidan telta står langt frå kvarandre:

- Smittefaren der er ganske liten, slik vi ser det, men dette er slikt vi vil diskutere med kommunelegen, seier Nakken. I fjor samla Raumarock over 7 000 deltakarar, og Nakken trur det blir minst like mange i år.

Desinfiserer hender

Fleire festivalar gjennomfører no tiltak mot svineinfluensa. Norway Cup, som starta søndag, har innført desinfisering av alle hender før folk får sleppe inn i matsalen. Deltakarane er også oppmoda om å ikkje dele drikkeflaske under turneringa. Meir enn 30 000 er venta til Ekeberg i Oslo. Men også lokalt førebur no mindre festivalar tiltak.

- Tek svineinfluensaen på alvor

Harald Flatseth, som er arrangør under Toppidrettsveka 2009 i Aure og Kristiansund, seier dei skal ha møte med kommunelegen før arrangementet, som startar 6. august:

- Vi har tatt innover risikomomenta med svineinfluensa, sidan vi ventar innrykk frå 15 land. Denne veka skal vi snakke med kommunelegen, slik at alle som kjem kan vere trygge på at dette blir handtert grundig og godt, seier Flatseth. Toppidrettsveka har deltakarar mellom anna frå Sør-Afrika, Russland, Italia, Tyskland og Latvia, og reknar med å samle mellom 700 og 1 000 utøvarar innanfor sykling, gateløp og ski.

Ingen tiltak på fotballkamp

Måndag kveld er vel 10 000 tilskodarar venta til Color Line Stadion når Aafk møter Fredrikstad heime. Klubbdirekør Henrik Hoff seier det ikkje er aktuelt å innføre desifinfisering der:

- Vi klarer uansett ikkje å gjennomføre dette på kort varsel. Vi har ikkje vurdert det, og heller ikkje fått noko oppmoding frå Fotballforbundet, seier Hoff.

Stormen synger

Det er venta 10 000 tilskodarar til Color Line Stadion måndag kveld, men ingen tiltak mot svineinfluensa.

Foto: Terje Reite / NRK


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL