Hopp til innhold

Hobbyfotograf sikta for seksuallovbrot

Politiet i Ålesund ber om at jenter som har vore med på modelloppdrag, tar kontakt. Dei fryktar fleire seksuelle overgrep.

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad oppmodar dei unge modelljentene om å ta kontakt med politiet.

Foto: Aina Rødal / NRK

Ein mann i 40-åra vart førre veke pågripen og sikta for seksuallovbrot mot unge jenter, etter at han har fotografert dei.

Ber jentene ta kontakt

No går politiet ut og vil ha kontakt med alle jentene som har blitt fotografert av han.

Politiet fryktar at mannen skal ha gjort seg skuldig i seksuallovbrot mot fleire jenter.

– Vi ber jentene ta kontakt med oss, for å få oversikt om det kan ha skjedd fleire overgrep enn det han er sikta for, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

Fotostudio

Mannen skal ha halde på med modellfotografering på hobbybasis sidan 2008, og mange av jentene som har blitt tatt bilete av, er i alderen 15–18 år. Mannen har eit fotostudio i Ålesund, der jentene har blitt fotografert. Politiet veit at nokre av jentene har kome i kontakt med mannen via sosiale medium.

Barnevernet

-Det er primært dei yngste jentene vi fryktar skal vere utsett for overgrep, seier Myklebust Ferstad.

Politiet starta etterforsking av saka etter ei bekymringsmelding frå barnevernet, som hadde vore i kontakt med ei av jentene. Kor mange jenter som har blitt fotografert, har dei ikkje oversikt over.

Varetektsfengsla

Den sikta mannen vart sist veke varetektsfengsla i fire veker, på grunn av faren for øydelegging av bevis. Politiet har tatt beslag i eit stort datamateriale, som dei skal gå gjennom.

Ikkje straffskuld

Forsvarsadvokaten til mannen, Torgeir Hovland Langva, seier til Sunnmørsposten at mannen ikkje erkjenner straffskuld.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL