Hopp til innhold

Fryktar for det maritime mangfaldet

Maritim industri er framleis ei nøkkelnæring, og særleg offshore opplever svært gode tider. Likevel meiner enkelte at mangfaldet i næringa er truga.

Maritim industri er framleis ei nøkkelnæring i Noreg, og interessa er større enn nokon gong. Men trass i gode tider særleg innan offshore, fryktar enkelte at mangfaldet i næringa er trua.

Den maritime næringa går så det grin, men fleire flyktar for mangfaldet.

– Vi skal vere merksame på det som skjer, og det skjer raskt, byrjar Rolf Fiskerstrand, Administrerande direktør i Fiskerstrand Verft AS.

– I fjor var vel 70 prosent av verdien i kontraktane relatert til noko med offshore. Hittil i år, til oktober, har talet blitt 90 prosent, fortel Fiskerstrand.

Den maritime næringa går som berre det, og ordreboka gjev arbeid til svært mange – også i tida framover.

Kjersti Kleven

Kjersti Kleven, styreleiar i Maritime bransjeforeining, meiner næringa må passe på konkurransen utanfrå.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Nyt godt av å vere tung på offshore

Men det er på offshore at næringa tener dei store pengane.

– Vi nyt sjølvsagt godt av å vere ei offshoretung maritim næring i Noreg, seier Kjersti Kleven, styreleiar i Maritim bransjeforeining.

– Den delen av næringa går veldig bra, har god ordrebok og god inntening, legg ho til.

Både Kleven og Fiskerstrand er på verftskonferanse som opna i Ålesund onsdag. Oppmøtet har aldri vore betre, og engasjementet er stort.

Rolf Fiskerstrand

Administrerande direktør i Fiskerstrand Verft AS, Rolf Fiskerstrand, fryktar for mangfaldet i den maritime næringa.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Uroa for at vi flaggar ut

Blikket til næringa er derimot retta framover, mot det som kan kome.

Norske verft som byggjer fiskebåtar og ferjer klarer ikkje lenger å konkurrere med verfta i Polen og Tyrkia.

– Eg er veldig uroa for at vi flaggar ut det som eg kallar urkompetansen, for eksempel fisk. For det er der alt kjem frå, også offshore, meiner Fiskerstrand.

Dei fleste skip som blir bygd i Noreg er retta inn mot olje og gass, og utan tiltak kan mangfaldet i verftsindustrien forsvinne, meiner den administrerande direktøren i Fiskerstrand Verft AS.

– Det er nok med eitt eller to år med kladdeføre og bakglatte ski i offshore, så kan vi ha problem. Då kan resten av segmenta vere flagga ut, fryktar Fiskerstrand.

Veit at konkurrentane kan kome

I utlandet har nedgangstidene fått mange til å effektivisere og auke kompetansen.

Dermed kan dei kome som svært farlege konkurrentar på lengre sikt. Likevel er Kjersti Kleven optimist.

– Eg er optimist, men vi må vite at vi lev i «annleisland». Det er mange gode bedrifter ute i verda, som no har insentiv for å bli konkurransedyktige. Og det må vi hugse på, avsluttar styreleiaren i Maritim bransjeforeining.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL