Både ordførarkandidat Vidar Solli og styreleiar Tore Gujord seier at dei har blitt knebla i sjukehussaka av den sentrale partileiinga.
– Krevjande situasjon
Fylkesleiar i Høgre, Geir Vegsund, synest situasjonen er vanskeleg.
– Det er frykteleg trist at dei no har vald å melde seg ut av partiet. Når dei som står på topp på lista vel å trekkje seg, seier det seg sjølv at det er ein krevjande situasjon.
Måndag denne veka hadde Kristiansund Høgre besøk av den sentrale partileiinga. Ifølgje
var det etter dette oppvaskmøtet det toppa seg for ordførarkandidaten og styreleiaren.– Slik vi oppfatta det vart det sett ein del ultimatum om at vi små slutte å diskutere sjukehussaka dersom vi skal vente å få støtte til andre viktige saker framover, sa Solli til NRK fredag.
Han føler dei på møtet fekk ei sterk oppmoding eller ein trugsel frå partileiinga, noko han ikkje er interessert i å vere med på.
Fryktar fleire utmeldingar
Fylkesleiar i Høgre, Geir Vegsund, derimot, meiner dei to ikkje har blitt pressa til å halde tilbake meiningane sine i sjukehussaka.
– Dette er to politikarar som har stått på for sjukehussaka og hatt klare meiningar om den, og vi har akseptert at dei har det synet som dei har.
Vegsund seier at det som vart poengtert på møtet var at det er viktig å fokusere også på andre saker framover mot valet i haust.
No fryktar fylkesleiaren at fleire kan kome til å melde seg ut av partiet.
– Vi må vere så realistiske at vi tenkjer at det kan skje.