Måndag denne veka hadde Kristiansund Høgre besøk av den sentrale partileiinga. Det var etter dette oppvaskmøtet det toppa seg for ordførarkandidat Vidar Solli og styreleiar Tore Gujord, skriv Tidens Krav. Også varaordførarkandidat Elise Ulseth Neergaard trekker seg.
– Slik vi oppfatta det vart det sett ein del ultimatum om at vi små slutte å diskutere sjukehussaka dersom vi skal vente å få støtte til andre viktige saker framover, seier Solli til NRK.
- Les alt om sjukehusstriden HER
Trugsel
Han oppfattar det som ei sterk oppmoding eller trugsel og seier at det er han ikkje interessert i å vere med på.
Solli melde seg ut av partiet i dag og er dermed ute av politikken. Styreleiar Tore Gujord melde seg ut torsdag.
Solli seier at dei har vore svært usamde i korleis Høgre sentralt har handsama sjukehussaka.
– Når dei på toppen av det heile skal diktere kva oppfatningar vi skal ha, for å ha politisk innverknad, då er det slutt, seier Solli. Han trur det kjem fleire utmeldingar framover.
Kjenner ikkje ordbruken
Generalsekretær Lars Arne Ryssdal kjenner seg ikkje att i ordbruken, men seier det er riktig at lokalpolitikarane har blitt oppmoda om å vere ambassadørar for partiet på andre saker enn sjukehussaka.
– For oss er det viktig at Kristiansund Høgre kjem saman og tek stilling til vegen vidare og ny leiing, seier Ryssdal.