Hopp til innhold

Frostproblem for KBK

To veker før seriestart, kjempar Kristiansund ballklubb ein kamp – ikkje på, men under grasmatta. Frost gjer at dei no har fått utgifter på over hundre tusen kroner i spesialsalt og varmematter. Den fine vinteren har dermed skapt problem for klubben. – Det har vore klarvêr og lite nedbør, samtidig som det har vore kaldt, seier driftssjef i KBK, Truls Skar Helland. Han vedgår at dei ikkje er klar til å spele eliteseriekampar på grasmatta heilt enno, men garanterer at dei vil bli det. 12. mars skal Kristiansund BK etter planen ta imot Vålerenga på heimebane.

Frost på bana til Kristiansund BK
Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL