Hopp til innhold

Ein alvorleg skadd i frontkollisjon på Hellesylt

To personar er sendt til sjukehus i ambulansehelikopter etter ein frontkollisjon på Hellesylt i Stranda.

Ulykke i Hellesylt

Ulykka skjedde på fylkesveg 60 på Hellesylt. Ein person sat fastklemd i bilen.

Foto: Fredrik Stadheim

Politiet fekk meldinga om kollisjonen mellom to personbilar klokka 13.10. Det var to personar som var involvert i ulykka. Ein person sat fastklemd i bilen, men no er begge sendt til sjukehus med ambulansehelikopter.

– Det skal vere alvorlege skader på den eine personen, seier operasjonsleiar John Bratland ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet har rekvirert kriminalteknisk bistand. I tillegg er ulykkesgruppa til Statens vegvesen varsla.

Ulykka skjedde på fylkesveg 60, ca. 1 kilometer frå Hellesylt sentrum. Trafikken blir dirigert på staden til politiet og vegvesenet er ferdig med sine undersøkingar. .

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL