Hopp til innhold

Kvinne lettare skadd etter kollisjon i Sunndal

Ei kvinne i 60-åra blei lettare skadd då ho køyrde inn i ein parkert bil utanfor Øksendalstunnelen tysdag kveld. Politiet har inge mistanke om rus.

Kollidert bil i Sunndal

Ei kvinne er send til sjukehus for sjekk etter å ha køyrt inn i fronten på ein vegvesen-bil som sto parkert utanfor Øksendalstunnelen i Sunndal.

Foto: Jan Erik Vangen

Brannvesenet kunne etter kort tid returnere etter at ei kvinne i 60-åra blei lettare skadd utanfor Øksendalstunnelen i Sunndal tysdag kveld.

Køyrde inn i vegvesenet sin bil

Laster Twitter-innhold

Tunnelen er open berre for kolonnekøyring, på grunn av utbetringsarbeid. Ifølgje politiet har kvinna stått i kø for å bli dirigert gjennom tunnelen, då ho køyrde inn i vegvesenet sin bil som sto parkert på staden.

Vi veit ikkje kvifor ho køyrde inn i bilen, seier operasjonsleiar Siri Engdahl.

Det er ikkje mistanke om at kvinna var rusa.

Store skadar på bilane

Kollidert bil i Sunndal

Tysdag kveld blei begge bilane frakta vekk frå staden. Ifølgje politiet kunne ingen av dei køyre derifra for eigen maskin.

Foto: Jan Erik Vangen

Ifølgje politiet er det så store skadar på begge bilane, at det ikkje er råd å køyre dei derifrå. Dei blir difor taua vekk om kort tid.

– Vi usikre på kor stor fart ho hadde, det blir ein del av etterforskinga, seier Engdahl.

Kvinna er no køyrd til sjukehus for sjekk.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL