Hopp til innhold

Frisørar er rasande på fylkesvaraordføraren

Gunn Berit Gjerde (V) frårådde ungdomar til å satse på frisøryrket i eit NRK-intervju. Frisørane meiner det ho sa er hårreisande.

Gunn Berit Gjerde (V) frårådde ungdomar til å satse på frisøryrket i eit NRK-intervju. Frisørane meiner det ho sa er hårreisande.

Frisørane meiner at yrket deira blir uthengt og likte ikkje at politikar Gunn Berit Gjerde (V) sa at ho ikkje ville rå unge jente til å bli frisør.

I eit intervju i tv-sendinga til NRK Møre og Romsdal 6. oktober som handla om lærlingsituasjonen, fekk fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde spørsmål om kva ho ikkje ville rådd ei ung jente til å bli. Svaret var frisør.

– Dei kan få eksem, vondt i ryggen og dårleg betalt. Det er kanskje gale å seie noko slikt, men sats heller på noko utradisjonelt, sa Gjerde.

Gunn Berit Gjerde

I eit intervju i tv-sendinga til NRK Møre og Romsdal oppmoda Gunn Berit Gjerde unge jenter om å velje utradisjonelt.

Foto: NRK

Vart rasande

Utspelet har fått frisørar til å tenne på alle pluggar.

– Eg vart veldig rasande og opprørt. Ho generaliserte litt for mykje synest eg, og det skal ikkje ein politikar i hennar stilling gjere, seier Gunn Elisabeth Flåthe.

Flåthe er frisør ved Pikasso i Ålesund.

Det er berre byggfaga som har fleire lærlingar enn frisørsalongane. Ingrid Karlsen er frisørlærling ved Pikasso og ho er ikkje i tvil om at det er frisør ho vil bli.

– Vi møter så mange forskjellige folk i løpet av ein dag og det er kjekt å bli kjend med alle desse ulike personlegdomane, seier 22-åringen.

Frisører ved Pikasso

Gunn Elisabeth Flåthe instruerer lærling Ingrid Karlsen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Hårreisande

Alf Terje Farstad er styremedlem i Ålesund og Omegn frisørlaug og likte heller ikkje det Gjerde sa.

– Det er hårreisande. Det er verken meir eller mindre eksem eller belastningsskadar i frisøryrket enn andre bransjar. Vi er litt leie av å bli hengt ut på denne måten, seier Farstad.

Beklagar det ho sa

Gunn Berit Gjerde beklagar at ho nemnde frisøryrket då ho vart spurt om kva ho ikkje ville anbefale jenter å utdanne seg til.

– Eg ser at offentlege personar bør vere varsame med å prioritere slik. Men trass fakta som kjem fram, synst eg likevel at frisørar bør ha høgare løn ut ifrå arbeidet som blir utført, samanlikna med andre handverksfag der menn dominerer, seier Gjerde i ein epost til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL