Hopp til innhold

Fredag opnar Posthuskrysset og Korsegata

Frå fredag kveld 19. april kan ein igjen køyre gjennom Posthuskrysset og Korsegata i Ålesund. Området har vore stengt sidan november, og deler av området sidan i sommar. Frå om lag klokka 21.00 fredag kveld vil ein kunne køyre i Posthuskrysset og Korsegata.

– Trafikkomlegginga har gått bra i perioden, men vi ser fram til å opne Korsegata fredag kveld. Denne har fått ei oppgradering med mellom anna gode fortau, sykkelstativ og plantar, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Erlend Aune.

Arbeidet med kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum er inndelt i fasar slik at det ikkje er byggearbeid i alle områda samtidig. – Vi er no inne i siste fase av byggeperioden i sentrumsgatene, seier Aune.

Fredag åpner Posthuskrysset og Korsegata i Ålesund.
Foto: Øyvind Berge