Hopp til innhold

Katrine (16) blir skipper på eigen båt

Katrine Sekkingstad satsar alt på å bli fiskar. Ein mannsdominert og røff kultur skremmer mange kvinner frå yrket, ifølgje ny rapport.

Katrine Sekkingstad

STOLT: Katrine Sekkingstad blir skipper på den splitter nye sjarken «Oma». Yrket er eit av dei mest mannsdominerte, men ho vil vise gutane.

Foto: Nina Ersnes Hansen

Sekstenåringen blir skipper på ein sjark til tolv millionar kroner, som nyleg blei tatt over av faren sitt reieri. Ho begynner på fiske og fangst på vidaregåande neste år, og er fast bestemt på at dette er vegen å gå.

– Eg er oppvaksen med å vere i båt og har alltid hatt lyst til å bli skipper. Det er masse spenning, og havet er den finaste plassen du kan vere, seier Sekkingstad.

Kathrine Sekkingstad fisker.

I SITT RETTE ELEMENT: Katrine kunne ikkje tenkt seg nokon anna arbeidsplass enn havet.

Foto: Privat

Faren sin bakgrunn har mykje å seie for at ho satsar på fiske, trur ho. Fiskeriyrket er eit av dei mest kjønnsdelte yrka vi har, og berre 4,3 prosent av dei som jobbar på opne og under 2,5 prosent på dei lukka fiskeria i Noreg er kvinner.

– Det er veldig dumt. Jentene får ikkje alltid same moglegheitene, og eg trur det blir vanskeleg for mange å få lærarplass neste år. Mange er framleis gammaldags og meiner kvinnene er ubrukeleg og skal vere i land, seier Sekkingstad.

Dårlege haldningar merker ho allereie frå jamgamle gutar.

– Eg får veldig mange kommentarar om at eg ikkje treng å jobbe for ting. Det er nokre som er misunneleg og frekk mot meg, fordi eg alt har båt. Vi må prøve å få vekk den kulturen, seier Sekkingstad.

Tøff mannskultur

Forskingsinstituttet Nofima har utarbeida ein rapport som ser på årsaker til den låge kvinnedelen i fiskeriyrket.

Den peiker blant anna på utfordringar med å kombinere familieliv og karrierevala til kvinner, men det er særleg den tøffe mannskulturen som må bli endra, skal det kome til fleire kvinner.

– Det er i stor grad kulturelle årsaker. Det har i lang tid vore eit veldig mannsdominert yrke og er ikkje særleg tilrettelagt for kvinner, seier Magnar Pedersen, divisjonsdirektør i Nofima.

Kvinner er også generelt eldre enn menn når dei begynner karrieren, og dei gir seg tidlegare. Forskarane har derimot ikkje funne formelle barrierar som hindrar kvinner i å bli fiskarar eller reiarar.

– Eg trur det er veldig mange jenter og damer som føler dei blir sett litt ned på og ikkje duger til yrket. Det er slik det har vore gjennom tida, seier Pedersen.

Trass i at det har vore ei dobling av jenter som tar fiske og fangst på Vg2 dei siste ni åra, er dei framleis berre 11,3 prosent.

Katrine Sekkingstad sammen med faren.

NY BÅT: Katrine saman med faren Arild Sekkingstad i Kristiansund.

Foto: Nina Ersnes Hansen

– Ei kulturforandring må til

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) var om bord i Katrine sin sjark måndag, han er tydeleg på at det må skje endringar for å få fleire unge kvinner til å velje yrket.

– Her må det ei kulturforandring til. Ein ønsker meir generell aksept, og å få tona ned den tøffe mannskulturen.

Regjeringa utarbeider no ein likestillingsstrategi for fiskeria som vil bli lagt fram i august. Fiskeriministeren har fleire tankar om korleis ein kan legge til rette for å rekruttere fleire kvinner.

– Vi vil sjå om vi kan bidra med tiltak som nettverksbygging blant kvinner, og i forhold til fødselspermisjon, som det har vore utfordringar rundt tidlegare.

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen

PÅ BESØK: Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen om bord «Oma».

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL