Framgang for FrP

Framstegspartiet går fram i Møre og Romsdal i ei måling som Sentio har gjort for NRK og dei tre største avisene i fylket.

Frank Sve

Fylkesordførarkandidat Frank Sve (Frp) har tru på at partiet hans kjem til å gjere eit godt val i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Framstegspartiet får 20,3 prosent og går dermed fram 2,8 prosentpoeng.

Målinga gir grunn til optimisme, seier FrP sin fylkesordførarkandidat, Frank Sve.

- Ja, eg trur vi kjem til å gjere eit godt val i Møre og Romsdal. Vi jobbar aktivt og har tydlege politikarar som viser att i fylket, seier Sve.

Valg 2011 Møre og Romsdal

Mindre framgang enn venta for Ap

Startsignalet for årets valkamp var laurdag, då fleire av toppkandidatane til fylkestinget var samla i Elnesvågen.

Jon Aasen

Jon Aasen (Ap) hadde venta ein større fram,gang for partiet sitt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Eit av spenningsmomenta denne valkampen er om Arbeidarpartiet går fram som følgje av terrorangrepet 22. juli. I denne målinga får Arbeiderpartiet og Jon Aasen ein knapp framgang på eitt prosentpoeng til 25,6 prosent. Dette er langt mindre framgang enn det andre målingar har vist.

Partiet sin fylkesordførarkandidat Jon Aasen, trur målinga er realistisk i forhold til kva valersultatet blir.

- Det er klart eg hadde venta meg meir, ikkje minst i forhold til nasjonale trendar peikar i den retninga, men valresultatet vert nok ein plass på mellom 25 og 30 prosent, seier Aasen.

Høgre kraftig tilbake

Helge Orten

Helge Orten (H) kan verte den nye fylkesordføraren i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Høgre og Helge Orten går kraftig tilbake på Sentio si måling. Likevel står partiet høgt i Møre og Romsdal med 23,3 prosent, og Orten har framleis gode sjanser til å verte den neste fylkesordføreren i Møre og Romsdal. Målinga viser nemleg at FrP, Høgre og KrF framleis har fleirtal i fylkestinget.

- Dette fleirtalet er veldig viktig og er jo grunnlaget for at vi framleis skal kunne styre fylkeskommunen, så for oss er det godt å vite at både Frp og KrF har fleirtal saman med Høgre, seier Orten.

Også Senterpartiet går kraftig tilbake og får 6,9 prosent i målinga.