Hopp til innhold

Frakta til St. Olavs hospital

Dei to som var involvert i ei alvorleg trafikkulykke i Atlanterhavstunnelen på Nordmøre er frakta til St. Olavs hospital i Trondheim. Det opplyser politiet. Skadeomfanget på dei to er ukjent. Tunnelen er framleis stengt på grunn av undersøkingar inne i den.