Hopp til innhold

Krev haldningsendring i fotballen: – Spelarane må skjerpe seg

Trenarane er lei av at fotballkampar blir avlyste. – Dårleg ver og lang reiseveg er inga unnskyldning for å droppe kamp.

Hano, Lepsøy og Harøy har samarbeidslag både på Gutar 14 og gutar 16. Her har dei fotballtrening i Nordøyhallen

Klubbane HaNo, Lepsøy og Haraøy har samarbeidslag i fleire aldersklasser. Fleire av laga har opplevd at kampane har blitt avlyst i siste liten.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vend spelet gutar. Bra, ropar trenar Odd Einar Molnes.

På bana i den kalde hallen på Haramsøya renn sveitten hos fotballspelarane. Dei har spelt færre kampar enn dei skal denne hausten.

Grunnen er at motstandarane har avlyst og dermed har øybuarane fått tre poeng på walkover.

Vil ikkje ha gratispoeng

Eric Longva Husevåg spelar både på 14- og 16-årslaget. Han synest det er kjipt av kampar blir avlyste, sjølv om dei får med seg poenga.

– Vi vil ikkje ha poenga for å ikkje spele kamp, seier Husevåg. Han synest motstandarane kjem med mange unnskyldningar.

– Det kan hende dei har andre ting å gjere på og ikkje er så interesserte i fotball, seier 14-åringen.

Eric Longva Husevåg spelar på G14 og G16. Her er han på trening i Nordøyhallen på Haramsøya

Eric Longva Husevåg spelar både på G14 og G16. Han trur nokre få spelarar gjer at resten av laget ikkje får spelt kamp og må avlyse.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Mistenker at reisa er for lang

Trenar Odd Einar Molnes er frustrert. På Nordøyane legg dei mykje arbeid i heimekampane med speaker, kiosk og endå til pyroeffektar. Ofte kjem avlysinga kvelden før eller på kampdag.

Molnes trur kanskje reiseavstanden til øyane er ei medverkande årsak. Frå Ålesund tar bilturen ein time og inneber høge bompengesatsar.

– Eg legg ikkje skjul på at vi spekulerer på det. At det er langt å reise og dermed litt enkelt å avlyse, seier Molnes.

Odd Einar Molnes er trenar for samarbeidslaga G14 og G16 for HaNo, Lepsøy og Harøy

Odd Einar Molnes er fotballtrenar for to lag. Han trur reiseavstand er ei medverkande årsak til at motstandarar avlyser kampane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Også trenaren for G19, Per Olav Vedeld er fortvilt og skuffa. Laget har fått avlyst tre kampar hittil. Han krev ei haldningsendring hos spelarane.

–Det kan vere dårleg ver, langt å reise og ein har andre planar. Men kvar enkelt spelar må gå i seg sjølv og møte opp til avtalt kamp, seier Vedeld. Han meiner spelarane må skjerpe seg og stille opp på det dei har forplikta seg til.

Bjørn Oskar Haukeberg i Sunnmøre fotballkrets

Bjørn Oskar Haukeberg seier at det er færre fotballspelarar etter pandemien, men om lag like mange påmeldte lag i serien på Sunnmøre. Dermed er klubbane meir sårbare.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Melder på for mange lag

Bjørn Oskar Haukeberg i Sunnmøre fotballkrets forstår at laga på Nordøyane er frustrerte. Hittil har 25 kampar blitt avlyste i heile kretsen. Seks av dei på øyane.

– Dei har uvanleg mange kampar som ikkje har blitt spelt der. Det synest vi naturlegvis er svært trist, seier Haukeberg.

Sunnmøre fotballkrets trur ikkje det er reiseavstanden som er årsaka til avlysingane. Dei erfarer at mange klubbar har vanskar med å stille lag, på grunn av få spelarar.

–Etter koronaen er det nedgang i talet på spelarar, som gjer det endå vanskelegare å stille lag. Kanskje overdriv klubbane litt med påmeldingar, seier Haukeberg. Klubbane melder ofte på mange lag for å sikre at alle skal få spele nok.

Kretsen ser også at det er mykje sjonglering med datoar for at kampane skal bli spelt. Av 8000 kampar har over 1500 blitt omberamma.

Alf Hansen, direktør for anlegg og aktivitet i NFF

Alf Hansen i Noregs Fotballforbund seier at ungdom har mange aktivitetar å velge mellom og organiseringa av seriespelet er viktig. Tidsbruk er ein faktor som kan vere negativt.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Tidkrevjande bortekamp

Alf Hansen, direktør for utvikling og aktivitet, i Noregs Fotballforbund seier at dei kjenner til at kampar blir avlyste på grunn av lang reiseavstand, men at dette heldigvis er sjeldan.

– Det skjer frå tid til annan at motstandarlag ikkje følger opp bortekampen når det er ei tidsbelastning, men vi trur ikkje det er eit omfattande problem, seier Hansen. Han meiner det likevel er alvorleg for ungdomane som opplever dette gjentekne gongar.

Plakat med avlyst fotballkamp mellom Haraøy/HaNo, Harøy og Hødd

Juniorlaget har spelt tre færre kampar enn oppsett på grunn av avlysningar.

Foto: skjermdump

Fekk skader

G 14 Sif/Hessa var eitt av laga som avlyste kamp mot laget frå Nordøyane. Lagleiar Geir Aksel Hansen seier at dei gledde seg til å spele kampen, men klarte ikkje stille lag. Han tilbakeviser at det handlar om reiseavstand.

– Vi var uheldige og fekk skader. Vi vurderte også å hente spelarar frå kullet under, men også deira keeper var skadd, seier Hansen.

Heller ikkje Hødd G19-2 klarte å stille lag og måtte avlyse.

– Ja, det er langt å reise, men det var ikkje grunnen. Vi hadde sjukdom og skader i troppa, seier trenar Bjørn Falk Skodjevåg. Hødd ville utsette kampen ei veke, men skal ha fått avslag.

Les også Her vinn dei kampane på walkover fordi «ingen» gidd å køyre så langt

Nordbygda idrettsplass

Bør låne spelarar

På Haramsøya forstår trenarane at det både kan bli sjukdom og skader. Dei sjølv har måtte flytta kampdato på grunn av skader og vanskar med å stille lag, men dei har ikkje avlyst. Dei meiner store klubbar med mange spelarar bør mobilisere.

– Visst du vil, får du til å stille eit lag. Dei kan hente spelarar frå aldersklassen under slik at kampen blir spelt som avtalt, seier Molnes.

Klubbane HaNo, Lepsøy og Haraøy har samarbeidslag i fleire aldersklasser. Her har dei trening i Nordøyhallen

Odd Einar Molnes meiner at store klubbar bør hente yngre spelarar for å gjennomføre kampen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK