Hopp til innhold

Her vinn dei kampane på walkover fordi «ingen» gidd å køyre så langt

Trass bøter blir opp mot hundre fotballkampar kvart år avlyst fordi bortelaget ganske enkelt ikkje møter opp.

Nordbygda idrettsplass

WALKOVER: Heimebana til Masfjord FL er eit fort i ordet sin rette forstand.

Foto: Ole Kristian Svalheim/NRK

Kvar helg står norske fotballspelarar og ventar på bortelag som aldri kjem.

Ei kartlegging NRK har gjort viser at 97 kampar i vaksenfotballen vart vunne på walkover i 2019-sesongen.

2019 var den siste «normale» sesongen før pandemien.

Berre hittil i år har 6. divisjonslaget Masfjord FL måtte avlyse to heimekampar i serien.

Tre når ein plussar på KM-cupen.

I alle tilfella er det bylag frå Bergen som har droppa å køyre to timar nordover for å spele kamp.

Men utkantlaget Masfjord FL er lite nøgd med å vinne på den måten. Dei vil spele fotball.

– Vi må jo køyre like langt for å komme til dei. Og vi køyrer, seier spelande trenar, Sindre Tangedal oppgitt.

Det var lokalavisa Strilen som først skreiv om saka.

Sindre Tangedal

SKUFFA: Spelande trenar for Masfjord FL, Sindre Tangedal, kan ikkje forstå kvifor bylag ikkje tar turen til utkanten.

Foto: Ole Kristian Svalheim/NRK

Tala NRK har sett på er divisjonane frå 2. divisjon for kvinner og frå 3. divisjon for herrar.

Alf Hansen er sjef for breiddefotballen i Noregs Fotballforbund.

Han er ikkje overraska over at utkantlag har høgare toleranse for lange borteturar enn det bylag har.

Mange vegrar seg mot å køyre to, tre eller fem timar for å spele bortekamp, seier han.

Store kostnadar for ikkje å spele

For kvinnelaget Hallingdal 2 i 4. divisjon skjedde det tre gonger i 2019 at motstandarane ikkje dukka opp.

Også i deira tilfelle var det «bylag» som ikkje tok den lange turen til bortekamp.

Risen bak spegelen er bøter. I tillegg til bota dei må betale til fotballkrinsen, må dei som avlyser betale kostnadane for reisa til returoppgjeret for laget dei avlyste mot.

Reise til Masfjord.

AVSTAND: Det er like langt til kamp i Bergen for Masfjord FL som det er til kamp mot Masfjord FL for eit lag frå Bergen.

Foto: Skjermdump Google Maps

Krinsen der alle lag møtte til kamp

I praksis betyr det at motstandarane som ikkje møter til kamp mot Masfjord FL må ut med 5000 kroner i bot. Pluss reisekostnadar for drivstoff og ferje.

Men det blir berre småtteri mot det lag i Nordland må ut med.

Der er bota på 12.000 kroner. Vidare kan reisekostnadane for eit 4–5. divisjonslag til ein bortekamp komme på opp mot 80.000 kroner.

Då er det ikkje rart at lag nede i 4. divisjon vel å reise 350 kilometer for å komme seg til og frå bortekamp.

– Velkommen til Nordland, det er lange avstandar her, seier leiar for Nordland NFF, Øyvind Stenberg Lien Iversen.

I deira krins var det ingen kampar i 2019 som blei vunne på walkover.

Sjukdom og skadar hos motstandaren

Første seriekamp Masfjord FL skulle spelt i år var mot Fana 3.

Men tre timar før kampstart kom tekstmeldinga om at bergensklubben måtte avlyse.

Trenar for Fana 3, Magnus Thorsen, fortel av grunnen til at dei ikkje kunne stille var ein kombinasjon av skadar, sjukdom og at fleire av spelarane måtte jobbe på kampdagen.

– Men eg kan ikkje svare på kva kvar enkelt spelar tenker om å måtte reise langt på bortekamp, seier Thorsen.

For Sindre Tangedal i Masfjord FL er det eit prinsipp at laget hans stiller til kamp.

– Det er jo berre 6. divisjon, men når laget er meldt på, så ein jo møte opp.