Hopp til innhold

Sylvia (30) sa opp finansjobben - lever av å springe fjelløp

For halvanna år sidan sa ho opp finansjobben på Fornebu og satsa alt på fjelløp. Søndag fekk ho utteljing for sitt sjansespel i eit baskisk prestisjeløp.

Sylvia Nordskar

TETTPAKKA: På veg opp bakkane i fjellmassivet Aizkorri er det fullt med folk under løpet.

Foto: ©GoldenTrailSeries® - Zegama Aizkorri - Mathis Decroux

Eit fullt maraton på 42.195 meter på grusstigar gjennom den baskiske fjellheimen, der heile 2700 høgdemeter må forserast frå den vesle byen Zegama over fjellet Aizkorri, og så ned og tilbake til Zegama.

For Sylvia Nordskar var gleda nærast ubeskriveleg da ho kryssa målstreken som fyrste kvinne søndag. Det verkelege beviset på at eit par utradisjonelle val det siste halvanna året har gjeve utteljing.

– Eg trur eigentleg ikkje eg hadde drøymt om noko så stort. Alt fungerte optimalt. Og eg kjenner at det er skikkeleg gøy å sjå at den treninga eg har lagt ned, og alt eg har investert i å bli betre dei to siste åra, gjev avkastning.

Hoppa i det

For det er ingen tvil om at Nordskar har satsa alt på å få det til det ho nettopp har gjort.

1. februar i fjor sa ho opp økonomijobben sin i IT-selskapet Cognite for å satse for fullt på fjelløping. I vår flytta 30-åringen Nordskar så ned til Chamonix i Frankrike for å kunne legge best mogleg til rette for satsinga.

sylvia-instagram

FLYTTA: På Instagram viser Sylvia Nordskar fram sitt nye heimeområdet: Chamonix, Frankrike.

Foto: Skjerdump

Det er vel ikkje særleg tvil om at valet hennar er litt utanom det vanlege. Men draumen om toppidrettslivet har ho alltid hatt.

Ho har satsa på langrenn, men så bestemte ho seg for å studere. Ho enda opp med ein MBA, eller master i økonomi om du vil, frå Universitetet i Denver, USA.

Så fekk ho seg fyrst jobb som revisor i PWC, før ho byrja som finanscontroller i eit IT-selskap på Fornebu i Oslo.

Heile vegen gjennom arbeidslivet brukte ho mykje tid på trening. Spesielt i fjellet har ho kjent seg heime.

sylvia-instagram

CHAMONIX: Terrenget i og rundt Chamonix er bratt og vinterleg. Til og med nå i mai.

Foto: Skjermdump

Og gjennom både studier og karriere har ho hatt ein underliggjande draum: å satse på toppidrett.

– Eg tenkjer at eg skal prøve å gjere det beste ut av det livet eg har. Og når eg har fått på plass ei solid utdanning, og fem år med mykje arbeid og relevant arbeidserfaring, så har eg på ein måte bygd grunnmuren.

Da var det berre å hoppe i det. Ho sa opp jobben som finanscontroller, og gjekk «all in».

Og etter å ha levd som toppidrettsutøvar i Noreg eit års tid, så klinka ho til og fullførte ein annan draum ho også har: flytte livet sitt til fjelløp-paradiset Chamonix i Frankrike.

– Eg har ikkje angra ein einaste dag på valet eg har tatt. Dette er eit minne for livet, seier Nordskar.

– Folk følger med

Men utradisjonelle val er ikkje berre ein dans på roser. For med store endringar, kjem også presset.

– Det er fleire som kunne drøymt om å leve av toppidrett, og eg trur, i alle fall for min del, så er jo den største frykta det at du skal feile, seier ho til NRK.

Ho innrømmer at det har vore skummelt å ta steget fullt ut i såpass vaksen alder. Ho også har kjent på at folk dømmer ho for vala hennar.

– Du veit jo at folk følger med og ein tenkjer: «Nå har du slutta i jobben, så da er sjansen mykje større for å ta mange steg». Men det er jo ikkje alltid at det går.

Sigeren i helgas løp var på mange måtar eit bevis på at ho verkeleg har etablert seg i verdstoppen. Det imponerer også NRKs friidrettskommentator Jann Post.

Sylvia Nordskar

LYKKELEG: Nordskar er glad for at ho har fått utteljing for valet om å flytte til Chamonix.

Foto: ©GoldenTrailSeries® - Zegama Aizkorri - Mathis Decroux

– Det er ein stor siger. Eitt av dei verkeleg store fjelløpene som har høgast prestisje. Det er nok hennas livs største idrettsaugneblink til nå. Folk er utruleg tett på. Det er litt sånn Tour de France-stemning – berre i fjelløp-verda.

Han skjønar godt at Nordskar har kjent på presset når ho har teke eit såpass drastisk val som å seie opp jobben og flytte utanlands.

– Det set litt ekstra press på ein idrettsutøvar etter å ha teke desse vala. Ein kjenner at ein må rettferdiggjere det valet ein har teke. Det kan skape eit prestasjonspress som ikkje er heilt heldig. Men eg tykkjer det er kult at ho gjer det. Kva er eit år eller to i ein idrettsutøvars liv? Jobbe kan dei gjere nok resten av livet, seier Post.

Spanjolen Kilian Jornet, som er busett i Romsdalen i Noreg, vann herreklassa i same løp som Nordskar vann. Han har tidlegare hatt fleire spinnville prosjekt. Mellom anna dette:

Kilian Jornet er verdens beste fjelløper. Nå vil har løpe opp og ned Mount Everest på 30 timer.

Kilian Jornet er verdas beste fjelløper. Nå vil har springe opp og ned Mount Everest på 30 timar.

– Kjempestort i Europa

Nå ligg på mange måtar fjelløp-sirkuset framfor føtene hennar. For Sylvia Nordskar fortel om gode avtalar i denne manesjen.

I samtale med NRK deler ho ope om kva som er mogleg når ein fyrst er inne i verdstoppen i denne idretten. Da får ein ofte alle kostnader dekka i forbindelse med løp - reise– kost og losji. I tillegg kjem premiepengar og bonusar frå sponsorar. For sigeren i Zegama-Airkozzi maraton vann ho 3000 euro, eller om lag 34.000 kroner.

Sylvia Nordskar

PREMIE: For sigeren vann ho 3000 euro, men også ein tradisjonell hatt og ei øks. Øksa har inngravert alle tidlegare vinnarar av løpet.

Foto: B.art og The Adventure Bakery / Privat

– Det er god økonomi i desse løpa?

– Ja, sporten er kjempestor i Sør-Europa. Eg trur folk i Noreg ikkje heilt veit kor stor idretten er. Det er også fleire løp der ein blir betalt for å kome. Det er ganske bra økonomi i desse løpa ja, seier Nordskar.

Nordskar er også tydeleg på at ho har vore heldig på vegen dit ho er nå. For utanfor løpesesongen i vinter fekk ho arbeide fleksibelt hjå sin tidlegare arbeidsgjevar PWC.

Sylvia Nordskar

SIGER: På tida 4 timar, 29 minutt og 12 sekund vann Sylvia Nordskar.

Foto: ©GoldenTrailSeries® - Zegama Aizkorri - Leo Roussel

Sylvia Nordskar er den fjerde nordmannen som vinn det prestisjefylte fjelløpet. Tidlegare har Yngvild Kaspersen, Stian Angermund og Eli Anne Dvergsdal vunne løpet.

– Det er ein dag eg aldri kjem til å gløyme, seier ein smilande Sylvia Nordskar til NRK.

Les også Forbløffa av stjerna sitt maraton: – Galskap

Kilian Jornet i et splitbilde med en maraton-økt med 2000 høydemeter

No ventar ein tur heim til Noreg, fyrst i bryllaup til broren, før ho set nasen mot fjellgarden Glittersjå i Murudalen i Sel kommune, der foreldra hennar bur.

Men så er det fullt fokus mot neste løp i slutten av juni: Mont-Blanc maraton.

– Da er eg på heimebane. Det blir viktig å ha is i magen når ein kjem inn med siger frå førre løp. Løypa passar meg bra – eg trur nok det er eit av mine favorittløp, seier Nordskar.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal