NRK Meny
Normal

Fosterfar dømd til fengsel i seks år

Ein mann i femtiåra frå Sunnmøre er dømd til fengsel i seks år for seksuelle overgrep mot ei jente under 14 år som harn for fosterfar til. Mannen er dømd for seksuelle handlingar og for å ha videofilma jenta i seksualiserte situasjonar.

Norges lover tingrett
Foto: Philip Hofgaard / NRK

I dommen blir handlingane til mannen omtalte som kyniske og fosterfaren blir omtalt som ein mann utan empati som forgreip seg mot ei sårbar mindreårig jente i heimen der ho hadde rett til å føle seg trygg.

– Vi er svært nøgde med denne dommen. Min klient er letta over å ha blitt høyrt og trudd, seier bistandsadvokat Trine Vabø til NRK.

Sunnmørsmannen i femtiåra var fosterfar for jenta som på tidspunktet då overgrepa skjedde var 12 år. I retten måtte han svare for ei rekkje tiltalepunkt, mellom anna for seksuell omgang med barn under 14 år. Ved fleire høve var jenta ute av stand til å setje seg til motverje fordi ho sov, framgår det av rettsdokumenta frå Sunnmøre tingrett.

Overgrep medan jenta sov

Ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett oppsøkte fosterfaren fosterdottera medan ho sov. I samband med seksuelle handlingar fotograferte mannen også aktiviteten med mobilkamera. Bileta er blitt sletta, men er seinare rekonstruert av politiet.

Overgrepa som mannen er dømd for strekkjer seg frå sommaren 2012 til april 2016. I denne perioden filma han også fosterdotter si i fleire situasjonar som seksualiserte henne. I ein periode plasserte han også filmkamera i skjul på badet og filma fosterdottera medan ho var på toalettet og når ho var i dusjen, heiter det i dommen.

Overgrep på ferie

Under ein utanlands ferietur byrja mannen også å forgripe seg på jenta medan ho var vaken. Ifølge dommen frå Sunnmøre tingrett brukte fosterfaren makt når jenta stritta imot.

Hausten 2014 plasserte fosterfaren eit skjult filmkamera på badet heime hjå seg. Kameraet såg ut som ein penn og blei plassert på ei hylle. Objektivet blei retta mot toalettet og mot dusjen. Frå november 2014 til rundt årsskiftet blei det filma ved minst 7 ulike høve, ifølgje dommen i Sunnmøre tingrett.

På same måte filma mannen to venninner av fosterdottera då dei var på toalettet i heimen til den no domfelte mannen, framgår det av dommen.

Vedgjekk berre filming

Mannen har vedgått at han filma fosterdottera og to venninner. Han hevda i retten at målet var å avdekke om fosterdottera røyka hasj. Dei nærgåande bileta blei tekne for å finne ut om fosterdottera hadde infeksjon eller andre plager, hevda mannen i retten.

Retten har ikkje festa lit til mannen si forklaring. Biletmaterialet viser eintydig seksuell omgang med fosterdottera frå før ho var 14 år. Saman med andre bevis meiner retten at fosterdottera har gitt ei nøktern og sannferdig forklaring i avhøyr.

– Eit sårbart barn

Fosterdottera var plassert hos tiltalte og hans familie, der barnevernstenesta var oppdragsgjevar og samarbeidspartnar.

– Ho var eit sårbart barn og avhengig av god omsorg frå fosterfamilien. Tiltalte har difor begått eit grunnleggande, og for jenta øydeleggande, brot på den tryggleiken ein fosterheim skal vere for eit barn, heiter det i dommen frå Sunnmøre tingrett.

– Kynisme og mangel på empati

Retten vektlegg i skjerpande retning det dei omtalar som kynisme og mangel på empati som tiltalte har utvist.

– Tiltalte heldt fram med overgrepa kort tid etter at jenta viste fortvilinga si med sjølvskading. Han let seg heller ikkje stanse av at jenta framviste alvorlege problem, og heller ikkje ved at ho etter kvart prøvde å rømme frå fosterheimen, heiter det i dommen.

I skjerpande retning kjem det også inn at overgrepet skjedde i heimen, der barn har rett til å følge seg trygge, heiter det i dommen.

Fengsel og erstatning

Fosterfaren er dømd til fengsel i seks år, med frådrag av 70 dagar i varetekt. Han må også betale 250 000 kroner i erstatning til jenta.