Hopp til innhold

Forundra over prosessen

Ekspert på anbodsprosessar, Tarjei Ytrehus Bjørkly, er forundra over at Helse Møre og Romsdal avbryt anbodsprosessen for det nye sjukehuset i Molde, utan at entreprenørane får høve til å kome med reviderte tilbod. – Det må saklege grunnar til før ein anbodsprosess kan avbrytast, seier han. Prosjektdirektør Helle Jensen i Helse Møre og Romsdal seier at dialogen mellom føretaket og entreprenørane har vore så god – at ho ikkje reknar med noko juridisk etterspel. Både entreprenørselskapet Skanska og Betonmast Hæhre ventar på det formelle vedtaket i styret i Helse Møre og Romsdal – før dei eventuelt går vidare med saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL