Det er framleis ukjent kor store overskridingane er. Helse Møre og Romsdal ønskjer førebels ikkje å gå ut med konkrete tal av omsyn til anbodsprosessen vidare. No kan heile prosjektet bli stansa for ein periode.
– Eg ser meg nøydd til å anbefale at den pågåande konkurransen blir stoppa. Vi ønskjer mellom anna å sjå nærare på val av entreprisemodell og konkurransegrunnlag, før vi går ut med ein ny konkurranse, seier administrerande direktør Espen Remme.
Eit omstridd sjukehus
Det nye sjukehuset som er under bygging i Molde har vore omstridd i årevis. Nordmøre og Romsdal låg lenge i bitter strid om lokaliseringa. Eit samla Nordmøre gjekk inn for lokalisering i Kristiansund. Romsdal fekk gjennomslag for at sjukehuset skulle plasserast på Hjelset i Molde.
Striden gjekk så langt at saka blei behandla både i høyring i Stortinget og i to rettsinstansar. Konklusjonen blei at vedtaket om å bygge sjukehuset på Hjelset var lovleg fatta.
Uroa pasientar
Sjølv om det nye sjukehuset på Hjelset har vore omstridd er det også svært mange som har sett fram til å få eit heilt nytt sjukehus i området. Leiar for pasientutvalet i Helse Møre og Romsdal, Steinar Waksvik, fryktar at mykje av den positive stemninga kring sjukehuset no skal bli øydelagd.
– Eg fryktar at det no skal kome innspel som kan undergrave optimismen og entusiasmen kring det nye sjukehuset. Men det kan også hende at helseføretaket no får betre tid til å gjennomføre prosessen og det kan vere positivt, seier Waksvik til NRK.
Helseføretak med minustal
Men Helse Møre og Romsdal er eit av dei norske helseføretaka som har slite med å levere økonomiske resultat på plussida. Kvart einaste år har resultert med minustal. Også for 2018 styrer Helse Møre og Romsdal mot eit resultat som ligg på minus 40 millionar kroner i forhold til eit budsjett som allereie i utgangspunktet er sett opp med minustal.
I mai fekk Helse Møre og Romsdal inn tilbod frå to entreprenørar. No er konklusjonen at alle pristilboda ligg vesentleg høgare enn det Helse Møre og Romsdal hadde forventningar om. No kastar leiinga i Helse Møre og Romsdal korta.
– Vi har hatt konstruktiv og god dialog og begge entreprenørar har gitt oss fleire forslag til kostnadsreduserande tiltak. Vårt forhandlingsteam vurderer likevel at vi ikkje vil greie å redusere tilboda tilstrekkeleg gjennom fleire forhandlingsrundar, seier prosjektdirektør Helle Jensen.
Styret kan vedta å utsetje bygginga
Planen var å levere ei innstilling på kven som skulle gjennomføre prosjektet 29. juni i år. Dette ser det no ut til å ikkje bli noko av. Styret i Helse Møre og Romsdal skal ha møte 13. juni. Der kan anbodskonkurransen bli stoppa. Det kan innebere at byggestart blir utsett med om lag eit år, ifølgje informasjon frå Helse Møre og Romsdal.
– Det er leit om realiseringa av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir forsinka, men det er viktig at vi sikrar ein god og økonomisk forsvarleg gjennomføring av prosjektet. SNR skal realiserast slik at vi sikrar befolkninga i Nordmøre og Romsdal eit godt tilbod i framtida, og eg er oppteken av å sikre at planlegginga og anleggsarbeidet held fram slik at ein unngår unødige forseinkingar, seier Remme.
Avventar styrebehandling
Helse Møre og Romsdal er ein del av Helse Midt-Noreg som tar dei endelege avgjerda i helseregionen. Den nye sjukehuset på Hjelset er saman med Helseplattformen den største satsinga som blir gjennomført i helseregionen.
Men førebels vil ikkje leiinga i Helse Midt-Norge kommentere overskridingane.
– Dette er direktøren sitt forslag til styret i Helse Møre og Romsdal. Vi vil avvente styrebehandlinga der, seier kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås.
Debatten skyt fart
Etter årevis med sjukehusstrid er nyheiter om det nye sjukehuset ofte eit ømtåleg emne. Mange blei aktive på Facebook då overskridingane blei kjende måndag formiddag: