Hopp til innhold

Fortalde ikkje at han var kreftsjuk – dømd for forsikringssvindel

Legane mistenkte at mannen var alvorleg sjuk, men sjølv sa han ingenting då han teikna ny helseforsikring som kunne gje millionutbetaling. Bransjen seier stadig fleire prøvar å lure dei.

Molde sjukehus

Mannen teikna helseforsikring, men sa ingenting om at legane mistenkte kreftsjukdom. Allereie dagen etter skulle han leggast inn på Molde sjukehus.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det var rett etter jul i 2019 at mannen fekk beskjed frå legane om at dei mistenkte kreftsjukdom. Ifølgje dommen var mannen sjølv nervøs for tilstanden, og bestemte seg for å teikne helseforsikring.

Mannen tok kontakt med IF Skadeforsikring og teikna to forsikringar:

  • Kritisk sjukdom – Økonomisk førstehjelp – med rett til ei eingongsutbetaling på 250 000 kroner og
  • Uførhet som følge av kritisk sjukdom – som ved kreftdiagnosar ville gitt mannen 810 000 kroner.

Det mannen ikkje fortalde, var mistanken om kreft og at han var henvist til kreftutgreiing på Molde sjukehus allereie dagen etter.

Dømd til fengsel

Nyleg møtte mannen i Møre og Romsdal tingrett. Han vedgjekk ikkje straffskuld for forsøk på forsikringssvindel, og hevda i retten at det var forsikringsselskapet sin agent som foreslo å teikne ei ekstra sjukdomsforsikring.

– Han seier han ikkje visste om kreftmistanken. Kva legen og sjukehuset har kjent til, er ei anna sak, seier forsvarar Roy Peder Kulblik.

Kulblik seier mannen sjølv tok kontakt for å få avslutta forsikringa då han fekk diagnosen, men skal ha blitt frårådd dette.

Neste gong mannen tok kontakt med forsikringsselskapet, var det for å be om utbetaling. Det enda med at han blei politimeld for bedrageri.

No er han dømd til fengsel i 120 dagar på vilkår.

Roy Peder Kulblik

Roy Peder Kulblik er mannen sin forsvarar. Han seier dei førebels ikkje har tatt stilling til anke.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Stadig fleire svindelsaker

Romsdalingen er ikkje åleine om forsøke å svindle forsikringsbransjen.

Dei siste åra har talet på saker auka, og berre i fjor blei det avdekt over 1200 slike saker. Det viser tal frå Finans Norge.

Også kommunikasjonsdirektør Andreas Handeland i If seier dei ser ein auke i talet på saker der folk held tilbake opplysningar om eiga helse når dei teiknar personforsikringar.

– Vi likar ikkje å mistenkeleggjere kundane eller mistru dei, men dersom vi oppdagar at nokon prøvar å lure oss, er hovudregelen at det blir meld til politiet, seier han.

Han seier svindelsaker går utover andre kundar, fordi premiepengane går til folk som ikkje skulle hatt dei.

Andreas Bibow Handeland, kommunikasjonsrådgiver i Europeiske Reiseforsikring.

Kommunikasjonsdirektør Andreas Handeland i IF seier svindelsaker går ut over andre kundar.

Foto: KILIAN MUNCH

Råka av ulækjeleg kreft

Retten er komen fram til at romsdalsmannen med vitande vilje forsøkte å svindle til seg over ein million kroner. I formildande retning blir det lagt vekt på at han har vedgått dei faktiske forholda i saka, sjølv om han meiner han ikkje kan straffast for det.

Retten legg også vekt på at mannen er alvorleg og ulækjeleg kreftsjuk og at saka har ligge lenge hos politiet. Han får difor fengselsstraff på vilkår og slepp å betale sakskostnader.

Ankefristen er ikkje ute, og dommen er dermed ikkje rettskraftig. Forsvararen til mannen seier dei førebels ikkje har vurdert anke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL