Det første ambulanseflyet med skadde passasjerar frå Møre og Romsdal landa på Molde flyplass Årø klokka 11. Helsesyster Eldbjørg Endal i krisegruppa seier at dei ventar minst tre skadde personar, men at det kan vere fleire i flyet.
- AMK har fått beskjed om at dei er oppegåande, seier Endal til NRK Møre og Romsdal.
Pasientane blir no tatt med til sjukehuset i Molde, der dei kan få behandling, dersom det viser seg nødvendig. I morgon ventar krisegruppa på ni personar som kjem med ambulansefly til Molde.
Så langt har 12 personar frå Møre og Romsdal kome heim med passasjerfly etter katastrofen Søraust-Asia.