Hopp til innhold

Mange barnehagebarn et brød til alle måltid – Eilev får sild og havål

Forskar er bekymra for all brødmaten i barnehagen og meiner det kan gi varige kosthaldsproblem. I Herøy har ein kokk utfordra smaksløkane til barna.

Barna i Troll-lia barnehage i Herøy har fiskegrateng på menyen i dag. Det likar Eilev Karlsen godt

I den private barnehagen Troll-lia har barna varm mat kvar dag. I dag var det fiskegrateng på menyen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det stinkar her, seier barna som sit rundt bordet i Troll-lia barnehage i Herøy på Sunnmøre med skjerefjøler og skarpe knivar. Det luktar stramt av silda og løken som skal bli til sursild på glas.

Etter at barnehagen tilsette eigen kokk for halvanna år sidan har barna fått bryne både lukt- og smakssans.

– Her er det ingenting som heiter likar ikkje. Du må smake på og det veit barna, men vi tvingar ingen til å ete, seier kokk Rita Hodneland. Den private barnehagen har varmmat kvar dag og sidan dei ligg i ei fiskerikommune, blir det mykje fisk.

I Troll-lia barnehage i Herøy lagar barna sursild

Barnehagen har god tilgang på fisk, sidan både foreldre og besteforeldre jobbar på sjøen. Her lagar barna sursild i julegåve.

Foto: Remi Sagen / NRK

Et brød til alle måltid

Kari Ryslett

Høgskulelektor Kari Ryslett ved Høgskulen i Volda meiner at varm mat i barnehagen gjer det enklare å venne seg til ulike smakar.

Foto: Tone Solhaug

Det er store forskjellar på mattilbodet i norske barnehagar. Enkelte barn et brødskiver til alle måltid, seier høgskulelektor Kari Ryslett ved Høgskulen i Volda. Ho står bak ein studie i seks utvalde barnehagar og ho er bekymra for all brødmaten som blir servert. Ryslett meiner at det kan få konsekvensar for seinare i livet.

– Visst ein berre serverer brød blir det monotont og lite variert. For enkelte barn som er kresne, kan det bety at dei et det same heile tida, seier Ryslett.

Ho meiner at å venne seg til varierte smakar som liten, aukar sjansen for at du får eit betre kosthald som vaksen og dermed kan du unngå livsstilssjukdomar.

Også Foreldreutvalet for barnehagar er bekymra fordi det er så store forskjellar i mattilbodet.

– Barna et veldig mange av måltida i barnehagen. Nokre barn et fire måltid og visst dette berre er brødmat blir det for mykje karbohydrat, seier Silje Fiksdal Lødøen.

Ho ser også at det er store forskjellar i kor mykje maten kostar i barnehagen, frå 175 kroner til 750 kroner i månaden.

– Dette betyr også at kvaliteten vil variere, seier Lødøen.

Rita Hodneland er kokk i Troll-lia barnehage i Herøy

Rita Hodneland er overraska over alt barna i barnehagen likar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tar ikkje ut utbyte

Kokk Rita Hodneland ser at matlysta aukar når barna får variert mat og ho blir stadig overraska over alt barna likar. Sildekaker går ned på høgkant. Det same gjer bulgursalat, breiflabb og isgalt.

– Det varmar eit kokkehjarte, seier Hodneland.

Foreldra betalar 350 kroner i kostpengar i månaden og summen har ikkje auka etter at kokken kom på plass. Styrar Anett Mari Hodneland Tarberg seier at kokkestillinga handlar om prioriteringar og at eigarane ikkje tar ut utbyte.

Kokk Hodneland forstår at ikkje alle barnehagar har råd til eigen kokk, og veit at det er krevjande for personalet å skulle lage mat. Likevel er ikkje alt håp ute for dei som vil prøve å servere mindre brødmat.

– Du kan gjere mykje bra ut av halvfabrikat. Det er ein start, seier Hodneland.

I Troll-lia barnehage i Herøy lagar barna sursild

Slik ser den ferdige sursilda ut. Enkelte av barna meiner at foreldra neppe likar dette, så då er det besteforeldre som får gåva i staden.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ba om havål til middag

Fem år gamle Eilev Karlsen er glad han slepp å ete brødskiver kvar dag i barnehagen.

– Det hadde blitt kjedeleg, seier han. Favorittretten er spagetti, men også fiskegrateng er godt, meiner 5-åringen.

Mamma Sunniva Bigset Karlsen seier det er fantastisk å ha eigen kokk i barnehagen og ho ser at Eiliv og veslesøstera har blitt så flinke til å smake på alt mogleg.

– Eiliev har komme heim og spurt om vi kan ha havål til middag, ler Karlsen.

Eilev Karlsen i Troll-lia barnehage i Herøy

Eilev Karlsen har blitt modig i matvegen etter at barnehagen fekk eigen kokk.

Foto: Remi Sagen / NRK