Forseinka fly

Radarproblema på Vestlandet fører til flyforseinkingar i Møre og Romsdal. Førebels har 8.10-flyet frå Stavanger og Bergen til Vigra fått ny landingstid klokka 09.00. I Molde har 8.30-flyet frå Bergen fått ny landingstid 09.25. I Kristiansund er 8.35-flyet frå Bergen innstilt. Dette råkar også returen til Bergen 09.35. Avinor har førebels ikkje sett opp endringar for flytrafikken på Ørsta/Volda lufthamn Hovden.