Hopp til innhold

Forlik for paret som lånte 6 millionar

Ekteparet som lånte meir enn 6 millionar kroner frå Sparebank 1 SMN har inngått forlik med banken. Det stadfestar ekteparet sin advokat, Ingvild Slettebø.

Trass i at paret hadde ei samla inntekt på rundt 500 000 kroner, fekk dei ei rekkje lån i banken. Paret hevda under rettssaka sist veke at dei ikkje fekk signal frå bankrådgjevaren om at dei ikkje burde ta opp låna. Slettebø vil ikkje seie noko om innhaldet i forliket, men dei to partane har no altså komme til ei einigheit.

Sparebank 1 SMN

Tente 500 000 kroner – fekk lån i banken på over 6 millionar

Eit ektepar i Molde kjempar i retten for å få sletta deler av millionlåna dei har fått av banken sin. Ekteparet fryktar dei blir gjeldsslavar resten av livet.