Hopp til innhold

Ektepar fryktar dei aldri blir gjeldfrie - hevdar banken oppmuntra til millionlån

Ekteparet er for lengst personleg konkurs etter å ha lånt meir enn ti gonger inntektene sine. Dei hevdar bankrådgjevaren aldri trekte i naudbremsen.

Paret sin advokat, Ingvild Slettebø, i samtale med advokatane til Sparebank 1 SMN.

Ingvild Slettebø, som er ekteparet sin advokat, i samtale med Sparebank 1 SMN sine advokatar. Partane er ikkje samde om kven som har ansvaret for uføret.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei rumenske småbarnsforeldra i Molde trudde truleg dei hadde trekt vinnarloddet då dei fekk lån i Sparebank 1 SMN våren 2014.

Men det nye livet i Noreg har blitt eit økonomisk mareritt.

Med ei samla løn på vel 500 000 kroner prøvar dei no fånyttes å betale ned ei gjeld som har stige til over sju millionar kroner. Kreditorane står i kø.

Torsdag forklarte kvinna seg i Møre og Romsdal tingrett.

– Ja, sjølvsagt var vi bekymra og tenkte på om vi klarte å betale for oss. Men han gav oss desse låna og det gjorde at vi gjekk vidare og vidare, sa ho.

Ho omtalte kunderådgjevaren i banken med fornamn og forklarte for retten at ho stolte fullt og heilt på hans vurderingar og råd. Samtidig auka gjelda faretruande.

Les også: Tente 500 000 kroner – fekk lån i banken på over 6 millionar

Sparebank 1 SMN
Sparebank 1 SMN

– Han oppmuntra oss

No har ekteparet gått til rettssak mot Sparebank 1 SMN der dei har tatt opp åtte lån dei siste åra. Det har gått til hus, fleire leiligheiter og bilar. Det har stort sett berre vore kona i huset som har hatt arbeid og inntekt.

Ekteparet fortalte retten torsdag korleis dei kom i kontakt med det dei oppfatta som ein velvillig bankrådgjevar. Dei hevdar han aldri stilte kritiske spørsmål, men tvert om oppmuntra dei til å låne og utvide låna sine.

Dei hevda også at dei avklarte med bankrådgjevaren at dei kunne pusse opp ved hjelp av kredittkortlån, som gjerne har ei rente på opp mot 25 prosent.

Han var alltid oppmuntrande og sa ja til forslaga umiddelbart. Han ba ikkje ein gong om tid til å sjekke om det var mogleg. Han sa ja, forklarte kvinna i retten.

Ekteparet meiner at banken burde frårådd dei å låne, og hevdar dei sjølve ikkje forstod for eit økononomisk uføre dei var på veg inn i.

Skjermdump frå prospekt

Problema starta for alvor då paret fekk lån til dette huset. Her var det omfattande oppussingsbehov.

Foto: Skjermdump frå prospekt / Synnøve Hole

Banken avviser at dei har gjort noko gale

Leiinga i Sparebank 1 SMN avviser at dei bør slette deler av låna eller betale erstatning, slik ekteparet no krev.

Maren Sofie Abelseth, som er banken sin prosessfullmektig, stilte ei rekkje kritiske spørsmål til ekteparet i retten torsdag om korleis det kunne ende slik.

Ho lurte på om den arbeidslause mannen hadde gjort nok for å skaffe seg jobb og inntekter, og ville vite om dei ikkje hadde forstått konsekvensane av å ta opp store lån. Ho spurte også om dei hadde for vane å signere kontraktar med så store summar utan å skjøne kva det innebar.

– Det hadde vore lurt å lese dokumenta, vedgjekk kvinna i retten.

Maren Sofie Abselseth

Banken sin advokat, Maren Sofie Abelseth, stilte fleire spørsmål ved om ekteparet sitt eige ansvar for situasjonen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Banken sin advokat lurte også på om ekteparet ville ha droppa låna dersom bankrådgjevaren frårådde dei.

– Ja, sjølvsagt, svarte kvinna.

På spørsmål om kvifor dei kjøpte to dyre bilar, svarte dei at dei trudde det skulle bli billigare enn å leige bil kvar gong dei trong det.

Kredittsjef Kari Ornes Midjo sa i retten at det er ein grov påstand frå ekteparet å hevde at dei fekk aksept for å pusse opp hus og leiligheiter ved hjelp av kredittkortlån. Ho sa dette er i klart strid med banken sin praksis.

Kari Ornes Midjo

Kredittsjef Kari Ornes Midjo i Sparebank 1 SMN forklarer seg i Møre og Romsdal tingrett.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Kan ikkje avgjerast av ein kunderådgjevar åleine

Det rumenske ekteparet som bur i Molde med to små barn fryktar dei aldri klarer å kvitte seg med gjelda si.

I ettertid har bankrådgjevaren dei hadde kontakt med mist jobben og autorisasjonen, men ifølgje leiinga i banken var ikkje lånesaka til ekteparet årsaka til det.

Bankrådgjevaren er kjent med påstandane til ekteparet. Han ønskjer ikkje å kommentere dei og viser til teieplikta.

– Eg antek at dersom partane hadde meint at eg hadde ei sentral rolle i samband med låna, hadde eg blitt stemna som vitne. På generell basis kan eg seie at slike lånesummar som det blir referert til i avisene, ikkje kan avgjerast av ein enkelt kunderådgjevar åleine, skriv han i ei tekstmelding.

Verken ekteparet eller banken sine advokatar ønskjer å stille til intervju med NRK.