Hopp til innhold

Tente 500 000 kroner – fekk lån i banken på over 6 millionar

Eit ektepar i Molde kjempar i retten for å få sletta deler av millionlåna dei har fått av banken sin. Ekteparet fryktar dei blir gjeldsslavar resten av livet.

Sparebank 1 SMN

Sparebank 1 SMN sin filial i Molde. Det var her ekteparet fekk millionlåna.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er eit alvorstyngd par som møter i rettssalen i Møre og Romsdal denne veka. I 2013 kom dei til frå Romania til Molde for første gang og slo seg ned. Ni år seinare sit dei med lån på over 7 millionar kroner, og klarer ikkje å betale tilbake.

Mesteparten av gjelda kjem frå lån dei fekk innvilga av Sparebank 1 SMN.

– Banken burde aldri gitt dei desse låna i lys av inntekta og gjelda til ekteparet. Det synest eg er uansvarleg, seier advokaten deira, Ingvild Slettebø.

Det er strenge reglar for kor stort lån du kan få i banken. Finansavtalelova seier at bankane pliktar å fråråde lån som kundane ikkje vil klare å betale avdrag for.

Målet med reglane er å unngå at folk skal bli gjeldsslavar i møte med utlånsivrige bankar.

Advokatfullmektig Ruth Ytterstad og advokat Ingvild Slettebø

Advokat Anne Ellingsgård og advokat Ingvild Slettebø. Dei hevdar banken lånte ut alt for mykje til ekteparet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Fekk lån etter lån

Dei økonomiske problema for det rumenske paret starta ikkje før etter nokre år i Noreg. Våren 2014 fekk paret låne 1,5 millionar kroner til ei burettslagsleiligheit. To år etter bad dei om eit nesten dobbelt så stort lån til eit anna hus – med omfattande oppussingsbehov.

Deretter balla det på seg for ekteparet. Dei fekk billån, tok opp kredittkort-gjeld for å pusse opp, fekk låne til endå ei leilegheit – og hadde til slutt over 7 millionar i gjeld.

Dette skal ha skjedd trass i at berre ein av dei var i fast arbeid, og at utgiftene deira steig faretruande.

Advokaten til ekteparet hevdar at banken med vilje har lagt inn feil tal i fleire av vurderingane om ekteparet skulle få stadig nye lån:

  • 430 000 kroner i årsløn til ektemannen, som var arbeidsledig
  • Utgifter til berre eitt barn, trass i at paret har to
  • For høge inntekter frå ei leilegheit dei leigde ut
  • For låge kommunale avgifter, forsikring og barnepass
  • Manglande opplysningar om eksisterande bustadlån
  • Manglande opplysningar om kredittkortgjeld og forbrukslån

Hevdar banken frårådde lån

Sparebank 1 SMN avviser at dei bør slette deler av låna eller betale erstatning til ekteparet.

Maren Sofie Abelseth, som er banken sin prosessfullmektig, sa i retten at det er opp til den enkelte å vurdere om dei bør ta opp lån, og viste til at ekteparet er høgt utdanna. Ho hevda samtidig at banken to gonger frårådde ekteparet å ta opp lån.

Ho ønskjer ikkje å svare på spørsmål frå NRK og ønskjer ikkje at det skal fotograferast under rettssaka.

Maren Sofie Abselseth

Prosessfullmektig Maren Sofie Abelseth representerer Sparebank 1 SMN i retten. Ho ønskjer ikkje å uttale seg om saka overfor NRK.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Skal ikkje vere mogleg

Ekspertar frå ulike hald har fleire gonger åtvara både bankar og kundar om høge lån. Utlånsforskrifta seier bankane ikkje kan låne ut meir enn fem gonger så mykje som lånesøkaren tener.

Fagdirektør Jorge B. Jensen i Forbrukarrådet har fått spørsmål om korleis han vurderer utlån av over 6 millionar til ein kunde med inntekt på vel 500 000 kroner. Han strekar under at han ikkje kjenner den konkrete saka i Molde, men uttalar seg på generelt grunnlag.

– I dag skal det ikkje vere mogleg for ein bank å innvilge lån og kreditt som utgjer 11–12 gonger inntekta til hushaldninga. Det vil i så fall vere dårleg kredittvurdering og brot med utlånsforskrifta, seier Jensen.

– Men har ikkje kundane sjølve også eit ansvar?

– Det er banken som gjer kredittvurderinga og dei som skal sikre at den blir utført korrekt. Banken er den profesjonelle parten og sit på langt meir kompetanse enn lånesøkarane. Det skal ganske mykje til for at ein bank skal fritakast frå dette ansvaret, seier han.

Jorge Jensen

Fagdirektør Jorge B. Jensen i Forbrukarrådet meiner banken har eit stort ansvar i å rettleie kundane.

Foto: Forbrukerrådet

Gjelda aukar for familien

Ekteparet i Molde sit i dag igjen med ei gjeld på over 7 millionar kroner, som stadig aukar. Dei fryktar at dei blir gjeldsslavar resten av livet.

I tillegg til låna frå banken, har dei tatt opp store kredittkortlån og hevdar det har vore heilt nødvendig, mellom anna for å klare å betale avdrag til banken.

No krev dei at Sparebank 1 SMN skal slette deler av lånet deira, eventuelt betale ut erstatning.

– Ekteparet har gjort så godt dei kan ut frå omstenda dei har hamna i og forsøkt å løyse det på best mogleg måte, seier advokaten deira, Ingvild Slettebø.

Torsdag skal ekteparet forklare seg for Møre og Romsdal tingrett.

Sparebank 1 SMN

Sparebank 1 SMN sin filial i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK