Forlenga varetekt for valdtekt
Ein romsdalmann i 30-åra er varetektsfengsla i fire nye veker, sikta for valdtekt av to 9 og 11 år gamle jenter. Ifølgje siktinga har han forgripe seg på dei fleire gongar, og det var ei stund også mistanke om at fleire andre kunne vere utsett for det same. Etterforskninga mot mannen er i sluttfasen, og retten meiner det er grunnlag for å framleis halde han i varetekt.