Hopp til innhold

Foreldre held barna heime frå skulen i smittefrykt- men kommunen vil ikkje stenge

Marit Herø Ulla og fleire foreldre nektar å sende barna sine på skulen av frykt for koronasmitte. Kommunen vil ikkje stenge, men skjerpar inn smitteverntiltaka.

Marit Herø Ulla og sonen Einar Ulla Hoff

Marit Herø Ulla held sonen Einar heime frå skulen dei to siste dagane før påske.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

Smitten i Ålesund aukar, og elevar frå fleire skular er i karantene. Totalt har 37 personar testa positivt dei siste dagane.

Også ved Volsdalen skole er det smitte og sjølv om sonen til Marit Herø Ulla ikkje er i karantene, held ho 4.-klassingen heime dei to siste dagane før påske. Det gjer også fleire andre foreldre.

– Grunnen er at eg føler det er usikkert og mest fordi eg ikkje ynskjer å hamne i karantene, seier Ulla.

Ho er sjølv kommunalt tilsett lærar, men uttalar seg berre som mor. Ho forstår at det er viktig at skulane er opne både for den psykiske helsa til barna og kvaliteten på undervisninga, men meiner at kommunen kunne ha innført digital undervisning dei siste dagane før påske.

Marit Herø Ulla og sonen Einar Ulla Hoff

Marit Herø Ulla håper at påska skal kjennest tryggare når sonen no ikkje er på skulen.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

Kravde heimeskule

FAU-leiar ved Volsdalen skole, Monica Alnes, har stor forståing for at foreldre held barna sine heime i dag. Ho gjer akkurat det same sjølv.

– Det er eit stort utbrot og det er to dagar att til påske. Det er ikkje der barna mister utdanninga si. Eg hadde ikkje gjort det midt i eit vanleg skuleår, seier Alnes.

Måndag kravde både elevrådsleiaren ved Fagerlia videregående skole og hovudtillitsvald i Skolenes landsforbund at Ålesund kommune måtte innføre heimeskule den siste veka før påske. Kommunen svarte at det er viktig å balansere smittevern med behovet barn og unge har for å gå i barnehage og på skule som vanleg. I ettertid har fleire skular innført heimeundervisning etter smitteutbrot.

Kommunalsjef for skole i Ålesund kommune, Bjørn Ivar Rødal,

Kommunalsjef for opplæring, Bjørn Ivar Rødal, seier at raudt nivå på skulane sett strengare krav til avstand mellom elevane.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Stenger ikkje skulane

I formiddag har kriseleiinga i Ålesund hatt møte og innfører raudt nivå på skulane. Dette betyr strengare smitteverntiltak, men ikkje nedstenging av skulane.

– Raudt nivå på skulane betyr strengare krav til avstand mellom elevar og ikkje blanding av elevar på tvers av kohortar, seier kommunalsjef for opplæring, Bjørn Ivar Rødal.

Sidan skulane varierer i storleik og utforming må kvar einskild rektor bestemme om det skal vere digital undervisning eller undervisning i mindre grupper.

Rektor ved Blindheim ungdomsskule, Harald Eidsaa, seier til NRK at dei ikkje har nok lærarar til å dele elevane i mindre grupper. Difor planlegg dei heimeskule fredag. Også Skarbøvik ungdomsskule har heimeskule fordi fleire lærarar sit i karantene. Dette gjeld fleire andre skular.

– Blir neppe skule

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal (Ap trur dei fleste elevane skal ha heimeskule fredag, men det er opp til kvar rektor å bestemme.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap), seier at i praksis kjem raudt nivå til å bety at dei fleste elevane i Ålesund får heimeskule.

– Det blir neppe skule for dei fleste fredag, så vil vi overvake og vurdere situasjonen nøye gjennom påska, seier Aurdal.

Foreldre og lærarar har etterlyst stenging i fleire dagar. Kva seier du til det?

– Eg registrerer at mange skulle ønskje det var mogleg å stengje førebyggjande, men det gir ikkje koronalovgjevinga moglegheit til, seier Aurdal.

Først no var det rette tidspunkt å gå over på raudt nivå, ifylgje kommunen.

Har masa i fleire dagar

Christian Holstad Lilleeng

Tillitsvald Christian Holstad Lilleng meiner kommunen burde ha innført raudt nivå tidlegare.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det burde ha vore innført raudt nivå tidlegare, meiner Christian Holstad Lilleng.

Han er hovudtillitsvald i Skolenes landsforbund i Ålesund og har masa på kommunen i fleire dagar om at dei må ta grep. Han er likevel glad for at kommunen har innført raudt nivå og meiner det er viktig at bekymra elevar og lærarar blir tatt på alvor.

Skal pugge gongetabellen

For sonen til Marit Herø Ulla blir det ikkje ein fridag heime. På timeplanen står det både lesing, pugging av gongetabellen og uteskule. Ulla håper at to dagar heime gjer at dei kan gå inn i påska og føle seg tryggare.

– Eg er sjølv i risikogruppe og vi har nær familie med alvorleg sjukdom som er avhengig av vår hjelp. For oss er det spesielt viktig at vi kan hjelpe til og ikkje hamne i karantene, seier Ulla.

Einar Ulla Hoff

På timeplanen for 4.-klassingen står det uteskule, pugging av gongetabell og lesing.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK