På få dagar har smitten i Ålesund auka kraftig med mutert virus. Kommunen og nabokommunane har innført strengare tiltak med skjenkestopp, heimekontor og nedstenging av treningssenter. Men skulane har oppmøte som vanleg, der det ikkje er smitte.
– Eg trur det er mange elevar som føler seg utrygge på skulen no. Fleire av lærarane brukar munnbind i dag og elevane er oppmoda til det same, seier elevrådsleiar André Loutovinov Schroeder.
Elevrådsleiar André Loutovinov Schroeder meiner Ålesund kommune burde ha innført heimeskule den siste veka før påske. Han har sendt brev til ordføraren.
Foto: Remi Sagen / NRKIkkje vente på smitteeksplosjon
Schroeder går på Fagerlia vidaregåande skole med over 1000 elevar og meiner at skulane burde hatt raudt nivå og heimeundervisning dei siste dagane før påske.
– Vi kan ikkje vente på store smitteksplosjonar på skulane før det blir gjort noko, seier Schroeder.
Betre å vere hysterisk
Også Skolenes landsforbund Ålesund krev ei umiddelbar nedstenging av både skular og barnehagar fire dagar før påskeferien.
– Eg trur det er riktig å stenge ned før påske for å ta rotta på smitten. Det er betre å vere litt hysterisk enn å kome i etterkant og skjøne at vi gjorde for lite, seier hovudtillitsvald Christian Holstad Lilleeng.
Christian Holstad Lilleng er hovudtillitsvald for Skolenes landsforbund i Ålesund. Han er kritisk til at Ålesund kommune ikkje innfører strengare tiltak i skular og barnehage.
Foto: Malin Kjelstadli Korsnes / NRKBlandar klassene
Han meiner det er skremmande at Ålesund kommune ikkje har innført tiltak for dei mange tusen elevane og lærarane, når ein veit at smitten spreier seg hurtig blant barn og unge på landsbasis.
– For oss er det meir eller mindre ein vanleg kvardag, forutan at vi må passe på vasking og halde avstand, men vi har framleis valfag der klassene blir blanda, seier Lilleeng.
Du vil ha nedstenging denne veka, men kva med barna som har det vondt heime?
– Skulane har plikt til å ordne eit eige undervisningsopplegg til desse, seier Lilleng.
Elverum vidaregåande stengjer
Elverum vidaregåande skole i Innlandet med over 1100 elevar og 185 tilsette stengde i dag etter smitte i Solør. Det er ikkje påvist covid-19 hos nokon av elevane ved skulen. Men fleire av elevane er frå Solør, og dermed blir det heimeundervisning for heile skulen fram til påske.
Margrethe Hammer Mobæk er rektor ved Elverum vidaregåande skole.
Foto: Hedmark Fylkeskommune– Vi har mange elevar og tilsette som kjem frå dei områda. Det er for å førebyggje. No smittar det raskare og mindre kontrollert enn tidlegare, seier rektor Margrethe Hammer Mobæk.
Elevane fekk meldinga om nedstenginga på høgtalar fordi skulen stengde før skuledagen var over måndag ettermiddag. Dei fekk beskjed om å ta med seg bøker og anna utstyr dei treng, seier rektoren.
– Oslo stenger heller ikkje ned
Når Ålesund ikkje innfører heimeskule, er det fordi ein vil skjerme barn og ungdom, ifylgje kommunen. Folkehelseinstituttet anbefaler høg terskel for å stenge skular og dette skal ikkje gjerast som eit førebyggjande tiltak.
Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) seier at kommunen må balansere smittevern opp mot omsynet til barn og unge sine behov for å vere på skule som vanleg.
Foto: Remi Sagen– Ikkje ein gong i Oslo og Viken er barnehagar og grunnskular stengde når der ikkje er smitte, svarar ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) på kritikken.
Ho forstår at både elevar og lærarar er bekymra, men ho meiner det er viktig å balansere smittevern med behovet barn og unge har for å gå i barnehage og på skule som vanleg.
– Eg er bekymra sjølv over den totale situasjonen, seier Aurdal. Måndag er to skuleklasser i karantene i Ålesund. Totalt er 400 personar i kommunen i karantene.
Redd for å smitte familien
På Fagerlia er ikkje elevrådsleiar André Loutovinov Schroeder åleine om å bruke munnbind i klasserommet i dag.
Både han og andre elevar er bekymra for å smitte folk i risikogruppa. Han meiner mange ville ha følt seg tryggare på heimeskule.
– No når situasjonen er så uoversiktleg, steng ned, seier Schroeder.
Vil stenge ned i Stad
I Stad kommune i Nordfjord er situasjonen blodraud. Til no er nær 80 personar smitta i det lokale koronautbrotet.
Der går no ungdomsrådet inn for å stenge ned alle skulane i kommunen.
– Når vi er i ein situasjon der vi er på nivå med Lørenskog, der det er verst i Noreg, synest eg det er rett å stenge ned alle skulane, seier leiar Daniel Hildenes.
VIL STENGJE ALLE SKULAR: – Vi ville helst sleppe heimeskule, men det gjekk ikkje når dei ikkje stengde skulane før. Mange ungdommar er forbanna for det, seier Daniel Hildenes.
Foto: Arne Stubhaug / NRK