Hopp til innhold

Føre var eller vente

Det er mørketid, haust og raske verskifte, og du veit ikkje kva som møter deg rundt neste sving. Så når skal du skifte til vinterdekk?

Terje Hoel

Terje Hoel er klar til den årlege dekksjekken, og kanskje skifte.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Ein kvar bileigar slit med spørsmålet kvar haust om lag på denne tid. Skal ein vente lengst muleg med dekkskiftet, eller skal ein vere føre var?

Fram til 31. oktober er det ikkje lov med piggdekk, men samtidig er du som sjåfør ansvarleg for å alltid vere forsvarleg skodd. Viss ikkje risikerer du bot.

Klart for dekkskifte

Du kan legge om sjølv, eller du kan få fagfolk til å ta jobben.

Foto: Siri Sæther

– Har du piggfrie hjul kan du sette dei på no, og har du piggdekk så vent til du har høve til det eller til vêret slår om, er rådet frå Terje Hoel, NAF sin senterleiar i Ålesund.

Skiftande forhold

Slik ver og temperatur er på våre kantar akkurat no er det dei fleste plassar ikkje nødvendig med dekkskift. Men det kan vere lokale variasjonar, og skal du til andre stader i landet der det er kaldare, er dekkskifte straks meir aktuelt.

Hoel sitt råd er å følgje regelverket, kombinert med sunn fornuft. Og då er kanskje ikkje det viktigaste spørsmålet om ein skal legge om til vinterdekk det mest påtrengande.

Pass på mønsteret

Slitte vinterdekk

Dekk utan mønster er uansett det verste.

Foto: Ronny Blix

– Ta ein titt også på sommarhjula dine, for utslitne sommardekk er verre enn noko anna!

Ifølge NAF-leiaren er det alt for mange som køyrer med sommardekk som er klare for utskifting for lenge sidan. Snø og kulde er ein fare, men regnvåte haustvegar og faren for vassplaning kan vere vel så stor akkurat no.

– I forhold til mønsteret på dekka er det mange som køyrer alt for langt på sommardekka sine, seier Hoel.

Fem års levetid

Dekkskift

Skal du skifte no eller vente til 31. oktober?

Foto: Håvard Tanche-Larsen Knutsen / NRK

Når det gjeld vinterdekka er det mange som køyrer mindre når det blir snø og is. Då varer også dekka lenger. Men enkelte produsentar seier ifølgje Hoel at vinterdekk som er meir enn fem år gamle berre er å kaste. Årsaka er at uansett bruk så blir hjula forvitra, blir harde og då får ein dårlegare veggrep og lengre bremselengde.

Når det gjeld kva dekk ein skal velje, så viser Hoel til motor- og bilblad som kvart år på denne tida har store dekktestar.

– Uansett årstid og dekktype, vi må alltid køyre etter forholda.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL