Hopp til innhold

Forbyr forureinande cruiseskip

Forureinande cruiseskip blir nekta adgang til norske fjordar dei neste åra. Det er klart etter at Noreg har fått gjennomslag for eit nytt regelverk for utslepp frå skipsindustrien.

Forureinande cruiseskip i Ålesund

Forureinande cruiseskip i Ålesund.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

I fjor var forureininga i Geiranger på enkelte dagar verre enn i Oslo på grunn av forureinande skip. No blir det slutt på dette, seier miljøvernminister Erik Solheim.

- Det er ein stor siger både for Noreg og

Erik Solheim

Miljøvernminister Erik Solheim.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

kysten og miljøet. Båtane som går inn til dømes Geirangerfjorden vil gradvis sleppe ut mindre forureining, og fjorden vil ikkje bli hylla inn i røyk. Fram mot 2020 skal problemet vere vekke, seier Solheim.

Tungolje gir forureining

Under høgsesongen i Geiranger kan forureininga vere like ille som i europeiske storbyar. Årsaka er gamle turistskip som går på tungolje av dårleg kvalitet.

I år er det venta 177 skip til Geiranger. Det er ny rekord. Det nye regelverket gjer at norske styresmakter kan nekte cruiseskip som forureinar i å seile i norske fjordar.

- Når reglane er på plass vil Noreg ha full adgang til å avvise dei. Og dei vil også bli avvist i andre hamner rundt om i verda. I praksis vil det seie at dei vil forsvinne, seier Solheim.

Geiranger

Forureinande cruiseskip får ikkje seile i Geirangerfjorden i framtida.

Foto: ARKIV / SCANPIX

Reduserer skadeomfanget

Dei nye reglane set strenge krav til utslepp av svoveldioksid (SO2) og nitrogenoksider NOx. Med dei nye krava vil også skadane etter eit eventuelt forlis bli dramatisk redusert.

- Det skaper tryggheit for folk langs kysten. Båtar som eventuelt går på grunn vil ikkje sleppe ut tungolje som vil øydelegge fisk og fugl i lang tid, seier miljøvernministeren.

Nøgd ordførar

Frank Sve(FrP)

Ordførar i Stranda, Frank Sve.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar i Stranda, Frank Sve, har ikkje noko i mot å nekte dei verste miljøsyndarane å seile i Geirangerfjorden.

- Det er ingen stor nedtur at vi kan bli kvitt dei verste skipa. Det blir ikkje eit stort sakn, seier Sve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL